Steve Irwin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Irwin (fødd 22. februar 1962, død 4. september 2006) var ein australsk fjernsynspersonlegdom og naturvitskapsmann best kjend frå fjernsynsserien The Crocodile Hunter, ein ukonvensjonell naturdokumentar som han leia saman med kona Terri Irwin.
Irwin døydde under innspelinga av ein undervassdokumentar 4. september 2006, etter å ha vorte stukke i hjartet av ein piggrokke. Han etterlét seg kone og to ungar.