Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Hjarte - Wikipedia

Hjarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen handlar om hjarte i anatomisk forstand, for hjarte i samband med kortspel sjå Kortfarga hjarte
Hjarte og lunger (frå ein gamal utgåve av Gray's Anatomy)
Forstørr
Hjarte og lunger (frå ein gamal utgåve av Gray's Anatomy)

Eit hjarte (lat. cor, cordis, 3N) er eit holt muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved å gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar. Det finst krinsløpsystem utan hjarte (t.d. hos leddorm), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). Hjå dyr som har lukka krinsløpsystem (t.d. virveldyr) pumpar hjartet blod gjennom blodårar, medan det syt for at all kroppsvæske straumar gjennom heile kroppen hjå dyr som har ope krinsløpsystem (t.d. leddyr).

Innhaldsliste

[endre] Menneskehjarte

[endre] Struktur

Menneskehjartet i prinsipp, sett forfrå. Kvite pilar syner normal blodstraum. 1: høgre forkammer 2: venstre forkammer 3:øvre holvene 4:aorta (bogen) 5:lungepulsåra (venstre sidegrein) 6:lungevene (nedre venstre) 7:mitralklaffen 8:aortaklaffen 9:venstre hjartekammer 10:høgre hjartekammer 11:nedre holvene 12:trikuspidalklaffen 13:pulmonalklaffen
Forstørr
Menneskehjartet i prinsipp, sett forfrå. Kvite pilar syner normal blodstraum. 1: høgre forkammer 2: venstre forkammer 3:øvre holvene 4:aorta (bogen) 5:lungepulsåra (venstre sidegrein) 6:lungevene (nedre venstre) 7:mitralklaffen 8:aortaklaffen 9:venstre hjartekammer 10:høgre hjartekammer 11:nedre holvene 12:trikuspidalklaffen 13:pulmonalklaffen

Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av brystkassa (toraks), under brystbeinet (sternum). Det ligg i ein sekk kalla hjarteposen (perikard), klemt inne mellom høgre og venstre lunge. Hjartet kviler mot mellomgolvet (diafragma).

Hjartet har fire holrom eller kammer, eit venstre og eit høgre forkammer (atrium) øvst og eit venstre og eit høgre hjartekammer (ventrikkel) nedst. Ein skiljevegg (septum) skil høgre- og venstresida av hjartet frå kvarandre. Venstre hjartekammer ligg til dels under og bak høgre hjartekammer. Det har kjeglefasong og tjukke vegger. Høgre hjartekammer har ein trekanta fasong og er falda halvegs rundt det venstre. Det har tynnare veggar. Forkammera har enno tynnare veggar. Klaffar mellom forkammer og hjartekammer syt for at blodstraumen berre går ein veg.

Høgre hjartekammer pumpar blod til lungene, venstre hjartekammer pumpar til resten av kroppen. Det er klaffar også ved utløpa frå hjartekammera.

Frå kroppen kjem blod med lågt oksygeninnhald inn til høgre forkammer frå dei to store venene. Øvre holvene (vena cava superior) tømmer armar, overkropp og hovud, nedre holvene (vena cava inferior) tømmer resten av kroppen. Frå høgre forkammer går blodet gjennom trikuspidalklaffen til høgre hjartekammer. Derfra renn det gjennom pulmonalklaffen og ut i lungekretsløpet (også kalla det lille kretsløpet eller pulmonalkretsløpet). Her får blodet tilført oksygen frå lungene, motsatt veg luftar kroppen ut karbondioksid. Det oksygenerte blodet kjem så attende til hjartet i venstre forkammer gjennom lungevenene. Blodet renn ned i venstre hjartekammer gjennom mitralklaffen, for så å bli pumpa ut gjennom aortaklaffen og ut i den store livpulsåra (aorta).

Venstre hjartekammer har meire muskelmasse enn høgre av di han pumpar mot ein høgre motstand, alle kroppens blodårer utanfor lungene. Motstanden i lungekretsløpet som høgre hjartekammer forsyner er mykje mindre.

At hjartet kan trekkje seg saman kjem av at veggane er bygde av musklar som kan arbeida utan stans og utan å bli slitne ut. Veggane har tre lag. Epikard er det fyrste eller ytterste og er danna av flate epitel-celler og bindevev. Under dette ligg myokard den eigentlege muskelen. Endokard er enno eit lag av flate epitel-celler og bindevev, no inn mot hjartekammera.

Hjartemuskelens eigen blodforsyning kjem frå høgre og venstre kranspulsåre (koronararterie), som går av frå livpulsåra straks etter hjartet. Dette blodet kjem attende til høgre forkammer gjennon koronarsinus (sinus coronarius).

[endre] Hjartesyklusen

Systole i forkammera
Forstørr
Systole i forkammera
Systole i pumpekammera
Forstørr
Systole i pumpekammera

Hjartets oppgåve er å pumpe blod rundt i kroppen. Kvart hjarteslag er ei rekke med hendingar som tilsamman kallast hjartesykelen. Kvar sykel har tre hovudtrinn: forkammersystole, hjartekammersystole og hjartets diastole. Under systolen trekk forkammera seg saman og pressar blod inn i hjartekammera. Når samantrekninga stoggar og forkammera slappar av, synk trykket i forkammera og blir lågare enn i hjartekammera. Då prøvar blodet å renna attende, og trikuspidal- og mitralklaffane lukkar seg. Det er lukkinga av klaffane som lagar den kjende lyden av hjartet som slår.

Hjartekammeras systole er òg ein samantrekning som driv blodet ut, i dette tilfellet til kretsløpsystemet. Også her lukkar klaffane ut, aorta- og pulmonalklaffen, når pumpekammera slappar av.

Til slutt blir hjartet fylt på nytt når kammera no slappar av. Dette kallast diastole og startar noko tidlegare i forkammera enn i pumpekammera.

[endre] Regulering av hjartesyklusen

Hjartemuskelen er myogen, det tydar at han sjølv kan stimulera seg til samantrekning. Han er den einaste muskelen i menneskekroppen som kan det, i motsetnad til musklane i skjelettet som treng stimulering frå nervar for å trekke seg saman. Santrekningane i hjartet startar spontant, sjølv om nerveimpulsar eller hormonpåverknad kan påverka hjartefrekvensen (pulsen), til dømes ved fysisk slit eller fåre.

Rytmen i samantrekningane vert styrt frå sinoatrial- og atrioventricular-knutane. Sinoatrialknuten, også kjend som hjartas pacemaker, ligg i øvre vegg i høgre forkammer og skapar ein elektrisk impuls som stimulerer forkammera til å trekkja seg saman. (Sjå aksjonspotensial.)Når den elektriske impulsen når atrioventrikulærknuten, som ligg øvst i veggen mellom hjartekammera, vert den leia gjennom Den Hiske bunt og fører til samantrekning av pumpekammera. Tida det tek for impulsen å nå fram til denne knuten frå sinoatrialknuten skaper eit opphald mellom samantrekningane i dei to kammera, og sikrar at kvar samantrekning skjer samstundes i dei to forkammera og ein augneblink seinare i dei tohjarteekammera. I tilfelle med stor patologi kan Purkinjefibrane også overta som pacemaker. Dette vert vanlegvis ikkje tilfellet, fordi desse nervefibrane sin spontane «avfyring» av impulsar er betydeleg langsamare enn rytmen til dei andre pacemakerane, og derfor vert fibrane overstyrt av desse.

[endre] Undersøkingar av hjartet

[endre] Hjartesjukdommar

Kardiologi er den greinspesialiteten innfor medisinen som ser på hjartesjukdommane. I daglegtale snakkar ein ofte også om barnekardiologi som eigen greinspesialitet. Det er det ikkje, og både kardiologar og barnelækjarar steller med hjartesjukdommar hos barn. I mellom dei viktigaste hjartesjukdommane er:

  • Koronarsjukdom, er kjennetekna med at hjartemuskelen ikkje får nok oksygen. Då kan ein få kraftig smerte og bli særs uvel, dette er kjent som angina pectoris.
  • Hjarteinfarkt, skjer når muskelcellar døyr av di delar av hjartet manglar blodforsyning.
  • Hjartesvikt, ei gradvis forverring i hjartets pumpefunksjon.
  • Endokarditt og myokarditt, er betennelsar i hjartet.
  • Arytmi, som er forstyrringar i hjarterytmen.
  • Medfødde hjartefeil.

[endre] Førstehjelp

Sjå hjartestans for naudstilfelle

Dersom eit menneske har hjartestans (ikkje følbare hjarteslag), bør ein straks starta hjarte-lungeredning (munn-til-munn og hjartemassasje).

[endre] Hjartet hos andre virveldyr

[endre] Fiskehjartet

Virveldyras siste felles stamart hadde allereie eit lukka kretsløpsystem med hjarte. Hjartet var her eit langstrakt organ som hadde fleire holrom etter kvarandre:

  • venesekk (sinus venosus) til å samle opp kroppens oksygenfattige blod,
  • forkammer (atrium) med klaffar,
  • hjartekammer (ventrikkel) med klaffar og
  • hjartekonus (truncus arteriosus).

Slik er det framleis hos slimålar og niauge. Venesekk og hjertekonus delar virveldyra også med lansettfiskane.

Slimålar har i tillegg sokalla aksessoriske hjarter, «hjelpehjarter», på tre skilde stader i kroppen: eit par i halen, eit par i hovudet, og eit enkelt hjarte i leverportåra. Desse hjelper med å pumpe det venøse blodet attende til «hovudhjartet».

Hjartet pumpar det oksygenfattige blodet til gjellene. Etter tilførsel av oksygen går blodet til heile kroppen.

I stamarten til kjevemunnane fikk hjartet ei s-form, ved at venesekken og forkammeret ligg oppå pumpekammeret og hjartekonen, slik at blodet strømmer «baklengs» mellom for- og hjartekammer. Slik er det hos dei aller fleste fiskeartane.

[endre] Virveldyr på land

Kjevemunnanes hjarte blei utvikla vidare i stamarten til dei virveldyra som lever på land. Det var her det andre forkammeret kom til. Eit slikt hjarte med to forkammer og eit hjartekammer finst framleis hos amfibiane.

Hjartet pumpar her blanda blod. Det eine forkammeret tek i mot oksygenfattig blod frå kroppen og det andre forkammeret oksygenrikt blod frå lungene. Blodet frå begge forkammera blir blanda i hjartekammeret.

Dei andre virveldyra på land har ikkje berre to forkammer, men òg to hjartekammer. Delinga av hjartekammeret skjedde altså i stamarten til amiondyr, men skiljeveggen var ikkje fullstendig. Dette fører med seg at venøst og arterielt blod blir blanda i hjartet. Samtidig med delinga av hjartekammeret vart hjartekrona delt i tre; éin del dannar overgangen til lungearterien, ein annan til den venstre aortaen og den siste til høgre aortaen. Denne tilstanden finn vi i dag hjå bruøgla, skjelpadder og skjelkrypdyr.

Skiljeveggen i hjartet vart fullstendig lukka to gonger uavhengig av kvarandre innanfor amniondyra: Den eine gongen var i den felles stamarten for krokodillar og fuglar, og den andre gongen var i stamarten åt pattedyra. Dermed det i begge dessa falla til rettes for eit fullstendig skilje mellom venøst og arterielt blod. I både fuglar og pattedyr har dessutan den eine av livpulsårene gått tapt. Men mens fuglar berre har bevart den høgre livpulsåra, er det i pattedyra den venstre livpulsåra som er bevart.

[endre] Hjarterytmen

Mindre dyr har høgare hjarterytme enn større dyr. Likeeins har yngre snøggare hjarterytme enn eldre innanfor same art. Døme på hjartefrekvens (i slag per minutt):

  • Gråkval: 9
  • Sel: 10 når han dykkar og 140 når han er på land
  • Elefant: 25
  • Menneske: 70 (vaksne), 100–110 (småbarn), 140–150 (menneskefoster).
  • Sporv: 500

Pattedyr lever stort sett i 1 milliard hjarteslag, medan mennesket lever i 2–3 milliardar slag.

[endre] Hjarte hjå virvellause dyr

Hjarte finst ikkje berre hos virveldyr og lansettfiskar. Ein finn også hjarte hos armføtingar, blautdyr, kappedyr og leddyr. Hos enteropneustar, foronidar, pigghudingar, pterobrankiar og slimormar finst hjarteliknande strukturar. Desse vert kalla ampullar eller lakuner, fordi dei først og fremst fungerer som blodreservoar, ikkje som blodpumper. Likevel vert dei også av og til omtala som hjarte. Hos leddormar overtek heile ryggåra hjartefunksjonen, ved at ho gjennom samantrekningar driv blodet gjennom det lukka sirkulasjonssystemet.

Ein er ikkje viss på kor ofte hjarte har oppstått uavhengig i dyra sine stamtre. Men i og med at det mest truleg ikkje fanst noko hjarte i den siste sams stamarten for t.d. virvel- og blautdyr, må hjarte ha oppstått minst to gonger uavhengig av kvarandre.

I opne sirkulasjonssystem vert blodet kalla hemolymfe. Her er det strengt tatt ikkje snakk om blod i eigentleg forstand, men ei kroppsveske med mange ulike bestanddelar.

[endre] Blautdyrhjartet

Hos blautdyr består hjartet av eit hjartekammer og eit varierande tal forkammer. Talet på forkammer samsvarar med talet på gjellene, slik at det finst grupper med eit, to eller fire forkammer. Vener transporterer hemolymfen frå gjellene til hjartet, og to arterier fordeler så denne oksygenrike hemolymfen i kroppen. Utover dette finns det ikkje årer, dvs. at sirkulasjonssystemet er ope.

[endre] Leddyrhjartet

Hos leddyr er hjartet eit nokså langt organ som strekkjer seg over fleire segment. Sirkulasjonssystemet er ope; vener manglar fullstendig. I staden for gjennom vener entrar blodet gjennom «sprekker» i hjartet, såkalla ostier. Det finst eit par ostier per kroppssegment. Hjartet pumpar så hemolymfen gjennom arterier til dei ulike kroppsregionane, der årene sluttar. Hemolymfen vert oksygenisert før han kjem til hjartet. Hjartet pumpar altså arterielt «blod».

[endre] Våre nærmaste virvellause slektningar

Virveldyr vert samanfatta med lansettfiskar og kappedyr til ryggstrengdyr. Lansettfiskane har, som nemnt over, eit hjarte som tydeleg liknar på vårt. Også kappedyr har eit hjarte, men dette er ikkje delt i ulike avsnitt. Dessuten har kappedyra sitt hjarte ein unik eigenskap blant dyr: Det kan endra retninga av blodomløpet! Kappedyr vekslar mellom å pumpa blod frå tarmen til gjellene (som hos andre ryggstrengdyr) eller frå gjellene til tarmen. (Dei samme årene fungerer dermed både som arterier og vener, avhengig av retninga til blodomløpet.)

Ryggstrengdyr vert i sin tur samanfatta med enteropneustar, pigghuder og pterobrankiar til deuterostomiar. Hos enteropneustar, pterobrankiar og nokre pigghudar (m.a. sjøpiggsvin og sjøstjerner) finn ein blæreaktige utvidingar av blodårer, som har hjartelignende funksjon. Desse kan trekkja seg saman og dermed transportera blod i kroppen. Det er likevel usikkert om desse organa er homologe med kvarandre og/eller med ryggstrengdyra sine hjarter. Hos pigghuder (der organet heteir «dorsalblære») finst det t.d. ikkje noko sirkulasjonssystem i eigentlig tyding, men eit «hemalsystem» med årer som sluttar blindt. Derfor er det tvilsomt og framleis uavklart om desse systema i det heile tatt kan samanliknast med vårt sirkulasjonsorgan og hjarte.

[endre] Kjelder

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com