Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Wikipedia:Retningsliner - Wikipedia

Wikipedia:Retningsliner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snarveg:
WP:R
WP:Rett

Målet med Wikipedia er å skapa eit fritt og omfangsrikt oppslagverk ein kan stola på. I Wikipedia på nynorsk ønsker me sjølvsagt å auka mengden av nynorsk informasjon på Verdsveven.

Innhaldsliste

[endre] Hovudretningsliner

Du treng ikkje læra kvar einaste regel utanboks før du deltek! Likevel er det lurt å ta ein kikk, ettersom reglane kan hjelpa deg til å skriva gode artiklar i Wikipedia-stilen.

[endre] Skriv objektivt

Artiklane skal vera objektive og representera ulike synspunkt på ein nøytral måte.

Sjå Wikipedia:Synspunkt for råd om grunngjeving av synspunkt og eventuell usemje om fakta.

[endre] Ikkje finn på ting

Wikipedia skal vera eit oppslagsverk for informasjon som er kjend og som kan dokumenterast. Det er ikkje staden for ny forsking. Ikkje legg fram nye teoriar her som ikkje er publiserte frå før. Presentasjonar av originale idear eller definisjonar av nye termar vil bli sletta.

[endre] Oppgje kjeldene dine

Ein viktig del av dét å skriva ein artikkel som høver for eit leksikon, er å gjera innhaldet verifiserbart; Brukarane skal kunna stola på Wikipedia. Lesaren må kunna få stadfesta alle utsegner i Wikipedia-artiklar ved å gå til andre pålitelege publikasjonar. Difor er det viktig for kvaliteten av artiklane at vi viser til truverdige kjelder når vi legg inn nye opplysningar.

[endre] Ikkje bryt opphavsretten

Wikipedia er eit fritt tilgjengeleg kunnskapsverk som er gjeve ut under GNU Free Documentation License (GFDL). Å leggja inn innhald som bryt opphavsretten, kan føra til rettslege problem og trugar målet vårt om å laga eit heilt fritt tilgjengeleg oppslagsverk.

Sjå òg: Wikipedia:Opphavsrettproblem og Wikipedia:Opphavsrett/brevmal

[endre] Lag eit leksikon

Wikipedia skal innehalda artiklar som er interessante for allmenta. Merk deg kva Wikipedia ikkje er (på engelsk: what Wikipedia is not).

[endre] Respekter andre

Bidragsytarane på Wikipedia kjem frå ulike bakgrunnar og har mange ulike synspunkt. Samarbeid og respekt er viktig for at prosjektet vårt skal lukkast.


[endre] Retningsliner for namngjeving og utforming av artiklar

Me prøver å velja enklast moglege artikkelnamn, slik at det skal vera lett å finna fram til artiklane og lett å laga lenker mellom dei.

[endre] Namn på artiklar i visse emneområde

For nokre artikkeltypar har me retningsliner som gjeld alle artiklane om emnet, til dømes:

[endre] Fleirtyding

Når eit ord har fleire tydingar må me ty til andre løysingar. I desse tilfellene kan me kvalifisera eitt eller fleire av orda, til dømes planeten Mars og mars månad. Under den enklaste tittelen kan me anten plassera det me trur flest personar vil leita etter under denne tittelen (t.d. mars), eller ei fleirtydingsside som viser til alle dei ulike artiklane (t.d. jus).

[endre] Omdirigering

Når det er fleire aktuelle namn på den same artikkelen, t.d. Jesus Kristus og Jesus frå Nasaret, bør artikkelen plasserast under det vanlegaste namnet, medan dei andre namna er omdirigeringar til det første. Ei omdirigering blir laga ved å skriva #OMDIRIGERING [[hovudartikkel]] som einaste tekst i ein artikkel, der «hovudartikkel» er namnet på den eigentlege artikkelen.

[endre] Omdøyping

Viss det viser seg at eit artikkelnamn er uhensiktsmessig, eller det kjem artiklar om andre tydingar av det same ordet (sjå Fleirtyding ovanfor), kan det bli aktuelt å omdøypa ein eller fleire artiklar. Dette gjer ein med knappen «Flytt» øvst på sida. Det gamle namnet blir ei omdirigering til det nye namnet. Før ein artikkel skal flyttast, må ein forvissa seg om at det nye namnet er akseptabelt, og at det ikkje finst nokon artikkel med det nye namnet allereie. Dessutan må ein passa på at det ikkje førekjem doble omdirigeringar. Det kjem rettleiing om dette når ein trykkjer «Flytt».


[endre] Retningsliner for språk

[endre] Nynorsk

[endre] Transkripsjon frå ikkje-latinske alfabet

[endre] Språklege hjelpemiddel


[endre] Retningsliner for peikarar til omverda

[endre] Peik gjerne til Wikipedia

Klikkbare peikarar inni sjølve artikkelteksten bør helst visa til sider i Wikipedia på nynorsk.

Lenkjer til parallelle artiklar i Wikipedia på andre språk – såkalla Interwikilenkjer – bør stå til slutt i koden. Desse lenkjene blir synlege i menyen «På andre språk» til venstre på sida (eller oppe eller nede, viss du har bytt drakt).

[endre] Grupper peikarar ut

Peikarar til nettsider utanfor Wikipedia bør stå i ein bolk nedst på sida, og det bør gå fram kva tema og kva for nettstad kvar lenkje viser til.

På diskusjonssider er det derimot fritt fram for å bruka slike peikarar i teksten òg.

[endre] Unngå filpeikarar

Ein bør unngå peikarar direkte til programfiler og liknande, og heller peika til ei nettside der ein kan finna fila og opplysningar om henne.

[endre] Sjå òg

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com