Reiskap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein reiskap eller eit verkty er eit hjelpemiddel ein bruker til å utføra eit arbeid, gjerne eit mekanisk arbeid. Ein trudde lenge at evnen til å bruka reiskap skilde menneska frå dyra. Seinare har ein funne at både fleire primatar, særleg sjimpansar, og fuglar som ramnar kan ta i bruk enkle ting som reiskap. Mange antropologar meiner at ein fri tommel til å halda reiskapar med og intelligens til å bruka dei har drive menneskeslekta si utvikling framover.
Reiskapar gjer oss ferdigheitar me ellers ikkje ville hatt, som styrke til å slå ein spiker inn i ein vegg eller ein egg skarp nok til å skjera i tre. På grunn av dette kan reiskapar òg nyttast som farlege våpen. Ordet reiskap er i slekt med det norrøne ordet reiðskapr, som tyder kamputstyr.
[endre] Ulike reiskapar
- Elektriske reiskapar:
- Drill
- Motorsag
- Varmereiskapar:
- Loddebolt
- Sveiseapparat
Kategoriar: Reiskapar | Ting | Teknologi