Sigd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein sigd er ein jordbruksreiskap med kurva blad og kort handtak. Sigder blei brukte til å hausta kornavlingar for hand før ein tok i bruka maskineri til å gjera dette.
Bladet på sigden er skarpt på innsida av kurva, og ein svinger dette mot botnen av strået som blir skore og samstundes fanga opp i sigden.
Eit blad som har blitt brukt til å skjera kornslag, som inneheld silisiumdioksid (SiO2), får eit særskilt skin av dette. Dette særpreget kan arkeologar nytta til å sjå om eldgamle steinreiskaper har vore brukte til jordbruk.
[endre] Som symbol
I gresk mytologi brukte Kronos og Persevs sigden som våpen.
Innan kommunismen blei hammaren og sigden eit symbol på arbeidaren og bonden. Dette symbolet blei mellom anna brukt i det sovjetiske flagget.
Sigda nytta som kommunevåpen, her Krina kommune i Tyskland |