Neil Armstrong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neil Alden Armstrong (fødd 5. august 1930) er ein amerikansk testpilot og astronaut. Han er mest kjend for å ha vore det fyrste mennesket på månen. Det skjedde den 20. juli 1969. Neil Armstrong sa då dei vidgjetne orda «That's one small step for a man, one giant leap for mankind.» På norsk språk: «Det er eit lite steg for eit menneske, eit stort sprang for menneskja.»
Han var jagarpilot under Koreakrigen for den amerikanske marinen. I 1962 blei han velt ut som astronaut av NASA. Han leia Gemini 8, som utførde det første vellukka møtet mellom to romskip i bane, i 1966. Seinare var han ekstramannskap for Gemini 11 og måneekspedisjonen Apollo 8. I 1969 vart han så leiar for månelandingsekspedisjonen med Apollo 11.
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |