Marcus Thrane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcus Møller Thrane (14. oktober 1817–30. april 1890) var ein norsk sosialistisk agitator frå Drammen. Han er mest kjend for å ha tufta thranittarrørsla, den første arbeidarrørsla i Noreg.
[endre] Biografi
Marcus Thrane vart fødd 14. oktober 1817 i Kristiania. Han hadde ein solid overklassebakgrunn, men vart foreldrelaus allereie som femtenåring. Fem år seinare la han ut på ei lengre reise i Europa (hovudsakeleg Frankrike) der han truleg vart inspirert av fleire før-marxistiske sosialistiske tenkjarar. Attende i Noreg tok han til å studera teologi, før han tok til som lærar frå 1841.
I august 1848 overtok Thrane redaksjonen av avisa Drammens Adresse, men dei radikale synspunkta han forfekta bidrog til at han vart oppsagd allereie tidleg året etter. På dette tidspunktet hadde han allereie skipa den første av arbeidarforeiningane som skulle verta thranittarrørsla, noko som skjedde 27. desember.
Med Arbeiderforeningernes Blad, som Thrane starta opp i mai 1849, skaut rørsla verkeleg fart, og det vart frå statleg hald gjort fleire forsøk på å pasifisera både ho og Thrane sjølv. Den 7. juli 1851 vart heile leiarsjiktet til thranittarane arrestert, og etter ei lang og hard rettsprosess vart Thrane fengsla i april 1854. Likevel klarte han å halda fram drifta av bladet heilt til 1856.
Då Marcus Thrane slapp ut i 1859 låg rørsla med broten rygg. Etter nokre fåfengde forsøk på å atterreisa ho flytta han til USA i 1863, der han vart ein viktig figur m.a. i sosialistmiljøet i Chicago.
[endre] Kjelder
Pax leksikon (Pax forlag 1976-1982) Nettversjon