Mainz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mainz er hovudstaden og største by i den tyske delstaten Rheinland-Pfalz. Byen ligg ved Rhinen der denne møter elva Main. Mainz har universitet, bispedømmesete og fleire fjernsyns- og kringkastingsorganisasjonar. Dei største nabobyane er Wiesbaden, Darmstadt og Frankfurt am Main.
Mainz utgjer eitt av dei fem store bysentra i Rheinland-Pfalz.
Folketalet passerte i byrjinga av det 20. århundret 100 000 innbyggjarar og fekk dermed status som storby. Folketalet i 2002 var på 183 822 (ytterlegare 18 619 har hovudbustad andre stader, men eiger ein bustad i Mainz).
Mainz ligg 25 minutt med S-Bahn frå Frankfurt internasjonale flyplass.
Byen er delt inn i 15 bydelar: Altstadt, Neustadt, Mombach, Gonsenheim, Hartenberg-Münchfeld, Oberstadt, Bretzenheim, Finthen, Drais, Lerchenberg, Marienborn, Hechtsheim, Ebersheim, Weisenau og Laubenheim.