Kragerø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0815 |
Fylke: | Telemark |
Administrasjonssenter: | Kragerø |
Flatevidd: | 307 km² |
Folketal: | 10 477 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.kragero.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Erling Laland (Ap) 2003-2007 |
Kragerø er ein kommune og ein by i Telemark fylke. Kommunen grensar i sørvest til Risør, i vest til Gjerstad, i nordvest til Drangedal og i nordaust til Bamble.
Kragerø er den kommunen i Telemark som ligg lengst sør. Om sommaren mangedoblar innbyggjartalet seg på grunn av turisttilstrøyminga.
Kragerø har 495 øyar, holmar og skjér og 4 000 fritidsbustadar. Det er òg 190 ferskvatn innanfor kommunen sine grenser. I seglskutetida var Kragerø ein av dei største sjøfartsbyane i Noreg. I 1960 vart Kragerø slegen saman med Skåtøy og Sannidal.
[endre] Kjende personar frå Kragerø kommune
- Theodor Kittelsen (1857-1914), teiknar og kunstmålar, særleg kjend for eventyrillustrasjonar.
- Anton Martin Scweigaard (1808-1870), norsk jurist og politikar.
- Jacob og Henrik Homann, eigedomsutbyggarar, mellom anna av området bak Slottet i Oslo som idag blir kalla Homansbyen.
[endre] Industri
- Den Norske Høyttalerfabrikk AS (DNA) (Klikk helst ikkje på lenkja: DNH blokkerer attendeknappen)
[endre] På verdsveven
|