Bø i Telemark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0821 |
Fylke: | Telemark |
Administrasjonssenter: | Bø i Telemark |
Flatevidd: | 266 km² |
Folketal: | 5 307 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.bo.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Arne Storhaug (Ap) 2003-2007 |
Bø er ein kommune i Telemark fylke som grensar mot kommunane Seljord i nord, Nome i vest, Sauherad i sør og Notodden i aust.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjonar
Bø er stoppestad for tog på Sørlandsbanen og ekspressbuss-sambandet mellom Vestlandet (Haugesund/Odda/Bergen) og Oslo/Skien, samt for timebussen mellom Lunde og Kongsberg.
[endre] Naturgeografi
Bø ligg i eit grunt dalføre som er vidt og høveleg flatt. Frå Seljordsvatnet i nord renn Bøelva gjennom Bø kommune og munnar i sør ut i Norsjø via eit elvedelta som utgjer eit naturvitskapleg interessant våtmarksområde. Mot aust dannar Reshjemheia eit geografisk skilje til grannekommunen Notodden, og i nordaust ligg eit mindre høgfjellsområde, Lifjell.
[endre] Skule- og forskingssenter
I Bø ligg ein av studiestadene til Høgskolen i Telemark (HiT) som med sine 1500 studentar set sitt preg på kommunen. Frå Telemark Distriktshøgskole vart etablert i Bø i 1971 var verksemda spreidd på ulike lokalitetar over heile bygda, men det meste vart samla på ein stad då det nye høgskulebygget sto ferdig i 1994. Den vidaregåande skulen i Bø var tidlegare landsgymnas med internat. På Hellandtunet held forskingsstiftinga Telemarksforskning til, med eit fagmiljø hovudsakleg retta mot naturbasert forsking og utgreiing i tett samarbeide med høgskulen.
[endre] Kultur
[endre] Studentmiljø
Bø er senter for eit mangfaldig kulturliv. Høgskulen trekkjer til seg studentar til forfattar- og kulturstudia, og heile studentmiljøet er ein aktiv pådrivar med ymse aktivitetar året rundt og ikkje minst den landskjende Kroa i Bø som opp gjennom åra har opparbeida seg eit ry som ei av landets beste konsertscener.
[endre] Folkemusikk
Med si plassering i hjartet av Telemark, har folkemusikken vore ein nesten sjølvsagt hovuddel av Bø-bygda sitt kulturliv. Det er ikkje tilfeldig at det er dei tre felene som pregar kommunevåpenet. Både felemakarar og felespelarar har sett sitt preg på folkemusikkmiljøet, både i Bø og resten av fylket. Den første landskappleiken vart arrangert i Bø i 1888. I vår tid samlast folkemusikkentusiastar på Telemarkfestivalen som går av stabelen i byrjinga av august kvart år, ein festival som etterkvart har opparbeida seg internasjonalt ry.
[endre] Kunstmålartradisjon
Ei rik kulturhistorie byr på mange kjende namn. Kunstmålaren Halvdan Egedius heldt mykje til i Bø dei siste 7-8 åra han levde. Venen og kunstmålarkollegaen Torleiv Stadskleiv var innfødd Bøhering, og desse to var saman med ei rekke tilreisande kunstnarar med på å skape eit aktivt kunstnarmiljø i Bø på slutten av 1800-talet.
[endre] Kulturanlegg
Torleiv Stadskleiv har gitt namnet sitt til Galleri Stadskleiv som er lokalisert i Gullbring kulturanlegg. Dette er eit sambruksanlegg med konsertscene, kino, symjehall og idrettshall som ligg like ved høgskulebygget. Anlegget sto ferdig i 1994 og var tidleg på vinteren dette året ein av hovudstoppestadene for fakkelstafetten i samband med Lillehammer-OL, med eit storslått fjernsynssendt kulturarrangement i det enno uferdige kulturbygget.
[endre] Turisme
I sommarhalvåret er Bø Sommarland den store turistmagneten. Denne bade- og familieparken har opplevd ein eventyrleg suksess som har gitt gode økonomiske ringverknader for bygda i seg sjølv. Lifjellområdet byr på storfelt turterreng, men det er særleg i vinterhalvåret folk kjem hit, til skitrekk og hytte- og hotellanlegg.
[endre] Personar
Aktuelle personar frå Bø i Telemark:
- Hallvard Eika, tidlegare landbruksminister
- Halvor Folkestad, biskop i Hamar bispedømme
- Torleiv Stadskleiv, (1865-1946), kunstmålar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kommunefakta Telemark (Statistisk Sentralbyrå)
- Høgskolen i Telemark, Bø
- Telemarksforskning
- Telemarkfestivalen
- Bø Sommarland
- Bø Blad Kulturportalen
|