Klepp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1120 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Kleppe |
Flatevidd: | 115 km² |
Folketal: | 14 832 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.klepp.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Elfin Lea () 2003-2007 |
Klepp er ein kommune i Rogaland fylke. Omkringliggjande kommunar er Sola og Sandnes mot nord, Time mot sør og aust, og Hå mot sør. Kleppe, Verdalen, Orstad, Klepp stasjon, Kåsen, Pollestad og Voll er tettstader.
Klepp er den nest største jordbrukskommunen i Rogaland, med rundt 600 gardsbruk. Kverneland ASA på Øksnevad er den største produsenten av jordbruksutstyr i verda. Tine BA driv meieri på Voll, Kleppe og Klepp stasjon. Elles er offentleg og privat tenesteyting viktige næringsvegar i Klepp.
Dei viktigaste vegane i Klepp er Jærvegen riksveg 44 og Solavegen riksveg 510. Jærbanen går gjennom austre delen av kommunen, med stoppestader på Klepp stasjon og Øksnevadporten (Orstad).
[endre] Historikk
Dei eldste spora etter busetnad i Klepp kan førast attende til 6000 fvt. På den tida var det store skogar av eik i området. Kommunevåpenet syner ein steinkross frå kring år 1000. Krossen står på gravhaugen Krosshaug. Like ved er Tinghaug. Tinghaug er det høgaste punktet på Låg-Jæren, og var tingstad i jernalderen.
|