Kanchipuram
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanchipuram er ein gammal kongeby og eit viktig hinduistisk pilgrimsmål. Byen ligg i den indiske delstaten Tamil Nadu.
Byen var hovudstaden til cholariket frå det andre hundreåret f. Kr., og hovudstad for pallavadynastiet frå 600- til 800-talet. Han var lenge eit hovudsete for den tamilske kulturen. Sanskritdiktaren Kalidasa skildra han som den beste blant byar.
Kanchipuram er sentral for buddhistar, djainar og hinduar. I sjølve sentrum ligg heile 126 tempel, medan det finst fleire i områda rundt.
Byen ligg ved elva Palar. I tillegg til tempel er han kjend for å produser svært forseggjorte sariar av silke.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |