Jan Garbarek
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Garbarek (f. 4. mars 1947) er ein norsk jazzmusikar og komponist, fødd på Mysen i Eidsberg i Østfold. Garbarek er av mange rekna for å vere Noregs fremste jazzmusikar internasjonalt, og er ein av hovudarkitektane bak ordlyden nordisk jazz.
[endre] Musikk
Jan Garbarek spelar i hovudsak tenorsaksofon og sopransaksofon. I seinare tid har han utvida instrumentrepertoaret kraftig. Med inspirasjon frå mange ulike musikalske stilartar har han utvikla ein eigen, lett kjenneleg personleg klang.
Inspirert av John Coltrane lærde Garbarek seg å spele tenorsaksofon som 14-åring. Året etter vann han NM i jazz for amatørar, både som solist og som orkesterleiar. I 1960-åra spelte han blant anna sammen med Karin Krog og George Russel. Dette hadde stor påverknad på den musikalske utviklinga hans.
Det første soloalbumet hans heitte Til Vigdis og kom i 1967. Året etter blei han tildelt Buddyprisen. I 1970 innleia Garbarek et samarbeid med den tyske produsenten Manfred Eicher og plateselskapet hans, ECM. Det er på dette selskapet at dei mest sentrale innspelingane til Garbarek er gjevne ut, med Afric pepperbird som den første. For ECM er Garbarek blitt eitt av dei viktigaste namna.
Garbarek blei verdskjend etter å ha vore med i den europeiske kvartetten til Keith Jarrett. Deretter tok han til å peika seg ut på eigenhand.
Han har samarbeida med ei rekke musikarar, som Mari Boine, Gary Peacock, Miroslav Vitouš, Zakir Hussain, Charlie Haden, Egberto Gismonti, Nana Vasconcelos, Terje Rypdal, Jon Christensen og diktaren Jan Erik Vold. Jan Garbarek har óg laga musikk til film, teater og ballett.
[endre] Anna
Jan Garbarek har polsk far og trøndersk mor. Artisten har ei dotter, Anja Garbarek, som òg driv med nyskapande musikk.