Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Film - Wikipedia

Film

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjå òg fotografisk film

Film er det vanlegaste namnet på levande bilete, altså rørsler som er tekne opp på eit medium og blir vist på ein skjerm eller eit lerret. Ein lagar dei ved å filma ekte menneske og ting med kamera, og/eller ved bruk av ulike animasjonsteknikkar. Film er både ei kunstform, ei underhaldningsform og ein storindustri.

Bileta ein ser i ein film er alle stillbilete, men dei blir viste så fort at auga våre ser rørsle. Det første mediet for å ta opp desse bileta var fotografisk film, og frå dette kjem namnet film. Mange filmar blir fortsatt teke opp på denne måten, men ein er òg gått over til å bruka analog video, lik den dei bruker til fjernsynsopptak, eller digitale opptak.

Når filminga er ferdig forbetrar ein gjerne filmen ved å klippa og lima saman opptak av ulike scenar og frå ulike kameravinklar, og ved å leggja til lyd, både tale, lydeffektar og musikk. Produktet kan visast på kino, fjernsyn eller datamaskinar, og lagrast på filmrullar, videoar, DVD-ar eller som datafiler.

Innhaldsliste

[endre] Filmhistorie

Skuggespel er kanskje den første forløparen til film, i og med at dei viser ei handling ved hjelp av lys, eit lerret og ting som ikkje er det dei ser ut som. Sidan fekk ein meir kompliserte framvisarar, som laterna magica, som projiserte glasbilete ved hjelp av ein oljelampe. Desse vart brukte til å visa fleire bilete som var stort sett like, men så mykje endra at det verka som om dei rørte seg. Dette visuelle «lureriet» har vorte grunnlaget også for moderne film.

Fotografisk film gjorde det mogleg både å ta opp bilete frå det verkelege livet, og å visa dei til større forsamlingar. Tidlegare måtte ein gjerne sjå inn gjennom eit lite hol i den «magic lantern» for å få sjå dei levande bileta.

[endre] Lyd

Dei første filmane hadde ikkje lyd, og vert kalla stumfilmar. Ein hadde først ofte ein kommentator som fortalde tilskodarane kva som skjedde og las dialogen mellom skodespalarane. Seinare kom ein på å skriva utsegnene ned og visa dei i sjølve filmen. Det var òg vanleg å få ein musikar til å akkompagnera filmen med musikk som passa til stemninga, helst på orgel eller piano. Seinare kunne ein laga lydspor som gjekk samtidig som filmen. Nå kunne skodespelarane snakka, og ein kunne ta opp og spela filmmusikk, som snart blei ein ny musikksjanger.

[endre] Farge

Overgangen frå stumfilm til lydfilm var revolusjonerande innan filmindustrien og skjedde svært raskt. Å gå over frå svart og kvitt til farge, derimot, tok lengre tid. Teknikken måtte utbetrast før dei fleste gjekk over til å laga fargefilmar. I dag blir det svært sjeldan laga film i berre svart og kvitt, men nokre regissørar vel det av og til av kunstneriske grunnar.

[endre] Filmindustrien

Filmar vart opphavleg viste på tivoliframsyningar, men vart snart så populære at ein laga eigne teater til å visa dei fram permanent i. Det første filmteateret opna i Pittsburgh i Pennsylvania i 1905, og i løpet av få år hadde ein fått tusenvis av slike kinoteater (i byrjinga kalla kinematografar).

Film er blitt den største industrien når det gjeld underhaldning. Levande bilete har fengja folk frå første stund, og sidan hovudvekta deira ligg på det visuelle, kan filmar lett visast over heile verda med berre lita omsetjing. Nokre filmskodespelarar blei vidkjende stjerner som kunne tena utrulege summar på å spela inn ein film.

Å laga film kan gje stor gevinst, men det kan òg føra til store kostnader. Derfor blir dei fleste storfilmane laga av nokre få filmstudio som er konsentrerte i eitt særskild område, som det amerikanske Hollywood eller det indiske Bollywood. Desse bruker mykje pengar på å få stjerner til å spela i filmane sine, på flotte og dyre ekstraeffekter, og på reklame som skal få mange til å sjå filmane. I tillegg finst det mange uavhengige filmskaparar som lagar «smalare» film, på eit mindre budsjett og for eit mindre publikum.

Ein kinobillett kostar for tida dei fleste stader rundt 75 kr (±20 kr). Dei filmane som blir mest sedde, sel millionar av billettar. Den mest populære filmen nokonsinne i Noreg, er Harry Potter og ildbegeret, som trekte 200 235 publikummarar i løpet av den første helga han gjekk på kino.

[endre] Sjå òg

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com