Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Det norske flagget - Wikipedia

Det norske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk handelsflagg
Forstørr
Norsk handelsflagg

Det norske flagget inneheld ein mørkeblå kross med kvite kantar på raud botn. Den vertikale krossarmen er forskyvd mot flaggstonga etter mønster av dei eldre skandinaviske flagga.

Handelsflagget har tilhøvet 22:16 og statsflagget har tilhøvet 27:16.

Raudfargen skal være PMS 032 U og blåfargen PMS 281 U i Pantone-fargesystemet, eller #EF2B2D og #002868 i RGB-systemet.

Flagga skal ha desse tilhøva:

Handels- og nasjonalflagg: 6+1+2+1+12:6+1+2+1+6
Handels- og nasjonalflagg (PDF-versjon)
Stats- og orlogsflagg: 6+1+2+1+6+11:6+1+2+1+6
Stats- og orlogsflagg (PDF-versjon)

[endre] Historie

I Noreg vart det danske flagget brukt frå og med 1600-tallet på grunn av unionen med Danmark. Den sjølvstendige norske staten haldt fram med å bruke det danske flagget også etter 1814, men sette løva frå det norske riksvåpenet inn i det øvste raude feltet nærast stonga. Dette flagget var i bruk som handelsflagg til 1821 i nordlege farvatn. Som stats- og orlogsflagg vart det avløyst av eit unionelt svensk-norsk flagg for både rike, det svenske flagget med eit kvitt kryss på raud botn i kantonen, det øvre feltet nærast stonga. I 1818 fekk både landa også eit unionelt handelsflagg etter same mønster, men rettskore. Det vart brukt i fjerne farvatn til vern mot nordafrikanske piratar, som fekk frikjøpspengar frå Sverige.

I 1821 teikna stortingsmann Fredrik Meltzer det norske flagget som vi kjenner det i dag. På grunn av den nyleg avslutta unionen med Danmark og den inngåtte unionen med Sverige tok Meltzer inn element frå begge desse flagga; Danmarks raude og kvite fargar med Sveriges blå farge i krossen. Kombinasjonen raudt-kvitt-blått førte samstundes vidare tradisjonen frå flagga til fleire meir eller mindre demokratiske statar - det revolusjonære Frankrike, Nederland, Storbritannia og USA. Anekdoten om at Meltzers son fekk ideen til flagget får ikkje medhald av veksillologiske forskarar. Stortinget hadde motteke ei lang rekkje framlegg til nytt norsk flagg, men valde utkastet frå Meltzer da flaggsaka vart avgjort i 1821. Kong Karl Johan ga samtykke gjennom ein kongeleg resolusjon for å unngå at flagget vart innført ved lov.

I 1844 vart ett unionsmerke innført i kantonen både i norske og svenske flagg. Samstundes vart det unionelle statsflagget avskaffa. Merket kombinerte fargane i begge flagga, med lik fordeling. Unionsmerket i gjekk blant folk i begge landa under navnet «Sildesalaten». Unionsflagget var i byrjinga populært av di det markerte jamstelling mellom dei to statane.

Unionsmerket vart brukt åleine som eit felles flagg for begge rike av diplomatiske representasjonar i utlandet. Men då hadde det alltid den langstrakte forma med tilhøve som unionsmerket i svenske flagg, og ikkje den kvadratiske forma som det hadde i norske flagg.

Norske unionsflagg hadde den same mørke blåfargen både i krossen i hovudflagget og i dei svenske delane av unionsmerket. Det var aldri meir enn ein blåfarge i unionsflagget. Det samme galdt for svenske unionsflagg. Blåfargen i svenske flagg på 1800-talet var mørkare enn no, men kunne variere noko. Svenskane brukte alltid den same blåfargen i dei norske delane av unionsmerket, sjølv om den var lysare enn den offisielle norske.

Aukande motvilje mot unionen gjorde unionsmerket upopulært, og «det reine flagget» vart ei merkesak for Venstre. Det vart vedteke av Stortinget i 1892, 1895 og 1898, og vart lovfesta utan kongeleg sanksjon og innført 1. januar 1899 for handels- og nasjonalflagget. Det var òg innført eit reint statsflagg med splitt og tunge. Men orlogsflagget behaldt unionsmerket til unionsoppløysinga i 1905. Det reine orlogsflagget utan unionsmerke vart heist 9. juni 1905, rett etter at unionen med Sverige var slutt. Det svenske flagget behaldt unionsmerket til utgangen av 1905.

[endre] Sjå òg

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com