Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions Wikipedia-diskusjon:Biletmerking - Wikipedia

Wikipedia-diskusjon:Biletmerking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre] Merking av bilete i artiklar

Saksa hit frå Samfunnshuset av / Kurtber™|Ordskifte 27. okt. 2005 kl. 13:42 (UTC)

Gates på konferansen IT-Forum i København.  Foto: Wikimedia Commons/Kees de Vos, 2004
Forstørr
Gates på konferansen IT-Forum i København.
Foto: Wikimedia Commons/Kees de Vos, 2004

Viser til endring eg gjorde biletteksten i artikkelen om Bill Gates.

I biletteksten tykkjer eg det er rett å vise til kvar biletet er henta frå (i den her situasjonen: Commons) og kven opphavsmannen er (i den her situasjonen Kees de Vos). For å gjere det enkelt berre saksa eg inn heile biletramma

Har vi nokon retningsliner for merking av bilete i artiklar? Viss ikkje bør vi lage det, for det er veldig stort sprik i korleis bilete vert merkte i nn.wiki. Ofte vert ikkje opphavsmannen nemnt, og då bryt vi vel GFDL? (Uansett om vi bryt gfdl eller ikkje tykkjer eg det er rett og rimeleg å gje litt cred til fotografen)
/ Kurtber|Ordskifte 26. okt. 2005 kl. 12:48 (UTC)

Biletet er lisensiert under Creative Commons Attribution ShareAlike 2.0 License (cc-by-sa), ikkje GFDL. Denne lisensen seier at fotografen skal krediterast (You must attribute the work in the manner specified by the author or licensor). Om så denne krediteringa skal skje i ein bilettekst eller om det er nok at det står på sjølve biletsida vert diskutert, eg har forstått det som om fotografen skal nemnast i biletteksten. Det er/har vore ein diskusjon om noko liknade på no: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Tinget#Kreditering_av_fotograf
Nesten alle bilete ein ser på nn ligg 'eigentleg' på Wikimedia Commons. «Foto: Wikimedia Commons/Kees de Vos, 2004», er for meg dessinformasjon. Det får det til å sjå ut som Wikimedia Commons har noko slags ære for eller opphavsrett til fotografiet, og det er heilt feil.
--Jorunn 26. okt. 2005 kl. 14:03 (UTC)
Einig med Jorunn på alle punkt. --KRISTAGAα-ω 26. okt. 2005 kl. 14:26 (UTC)
Vi er altso einige i at opphavsmann/-kvinne skal kreditterast i bilettekst. Bra ;-)
Når det gjeld å nemne Commons, so veit eg i alle fall at liknande praksis er vanleg når aviser o.l. viser bilete frå Forsvarets Mediesenter.
(Døme: Foto: Forsvarets Mediesenter/Frank M. Fotograf [1])
Det er ein fordel, når aviser ein gong i framtida byrjar å nytte Commons som kjelde til bilete, at dei viser til commons som kjelde for biletet - saman med opphavspersonen, sjølvsagt. Commons har trass alt noko av æra for at biletet i det heile er tilgjengeleg, og det er der lesaren lyt gå for å kunne bruke biletet sjølv. / Kurtber|Ordskifte 26. okt. 2005 kl. 14:46 (UTC)
Merking – kreditering synast å vere ein etablert praksis her på nn:, så langt eg har sett. Heilt på linje med mange seriøse nettaviser (dei fleste) og andre som publiserer på nett i Noreg. Fotografen Knut Førsund skriv om namneretten. Kreditering er ein rett som fotografen har og som han ikkje treng å be om for kvart bilete som vert lasta opp på Wikimedia Commons. I Noreg gjeld det uavhengig frå kva lisens fotografen nyttar. «God skikk» er eit uttrykk i §3, ein kan ikkje tolke det som t.d. skikken på engelsk Wikipedia som er prega av at fotografiet har eit dårlegare vern og ein lågare status i mange land utanfor Skandinavia. Namnet må derfor stå i biletteksten i sjølve artikkelen slik at det kjem fram på utskrifter og på nettstader som kopierer Wikipedia. Også alle bilete som ein ikkje treng spørje om løyve til å bruke, så som bilete i det fri skal krediterast. (bono.no). Elles ikkje enig i at Commons-namnet skal stå føre fotografnamnet. Roarjo 26. okt. 2005 kl. 18:01 (UTC)
Grunnen til at Commons-merking blir feil etter mitt syn, er at Commons er 100 % ein del av same organisasjonen som Wikipedia. Commons er rett og slett den delen av Wikimedia kor kvar brukar (opphavsretthavar) helst skal leggje bileta sine. (Om vi lenkjer til bilete utanom Wikimedia, så blir det ein annan sak. Men dette hører i så fall til under eksterne lenkjer.) På biletskildringssida er det ein annan sak: Der hører dei fulle opplysningane heime, inkludert kva kjelde/mediesamling biletet eventuelt er henta frå. Men merk at det visest automatisk at bileta ligg på Commons i dei falla der dette er tilfelle. -- Olve 26. okt. 2005 kl. 23:27 (UTC)
PS: Om aviser viser til kjelda for eit bilete, så er det m.a.o. uinteressant om biletet ligg på Commons eller på Gotisk Wikipedia. Opphavsretthavar er personen lisensen viser til. Det er òg bra om aviser nemner at biletet er henta frå Wikipedia — men Commons er altså ikkje ein sjølvstendig organisasjon i noko særleg høgare grad enn namnerommet «Brukar:» er det. -- Olve 26. okt. 2005 kl. 23:34 (UTC)
Gates på konferansen IT-Forum i København.  Foto: Wikipedia / Kees de Vos, 2004
Forstørr
Gates på konferansen IT-Forum i København.
Foto: Wikipedia / Kees de Vos, 2004

Vil det ha noko føre seg med Wikipedia-merking, som her, i staden for Commons? --Eddi (Snakk) 27. okt. 2005 kl. 00:31 (UTC)

I så fall burde det vel vera Wikimedia heller enn Wikipedia.
Eg er så absolutt for at ein skal kreditera den/dei som har fotografert/laga illustrasjonen. Denne personen har jo sjølvsagt opphavsretten sjølv om illustrasjonen ligg under t.d. GFDL. At Wikimedia må krediterast er eg ikkje nødvendigvis samd i, ettersom dei ikkje "eig" bilete meir enn nokon annan. Men god reklame er det jo uansett.
Eg fekk likevel kritikk når eg freista kreditera meg sjølv då eg la inn eit bilete i den engelske artikkelen om universitetet mitt. Sjå her. Veit nokon om det har vore ein liknande diskusjon der? Bjarte 27. okt. 2005 kl. 01:54 (UTC)
Hmm, eg fann lite på engelsk Wikipedia om dette, men det har garantert vorte diskutert opp og i mente, det gjeld berre å finna diskusjonane. Eg fann ein kommentar til ein brukar her: en:User talk:DirkvdM#Image credits. Bjarte 27. okt. 2005 kl. 02:12 (UTC)
Eddi, nei takk, teksten Foto: Wikimedia / Kees de Vos, 2004 indikerer eit kontraktforhold mellom Wikimedia og Kees de Vos. Eg trur mange fotografar vil kvi seg for ei slik merking og ikkje lisensiere bilete om dette vert praksisen. Derimot kan det vere slik at fotografen gjev lisens saman med ein arbeidsgjevar, då må han få skrive Foto: Fotofabrikken/Ola E. Fotograf. Eg synast praksisen er god som han er her i dag. Roarjo 27. okt. 2005 kl. 05:37 (UTC)
Bjarte, innlegget av engelsk brukar Lupo minner meg om at alle bilete utan fotografnamn og kjelde må representere eit kjempeproblem for Wikimedia om dei er opptekne av å bli trudd på at dei ikkje distribuerer ulovleg kopiert stoff. Lenger opp har eg sagt kvifor eg er usamd med Lupo om at kreditering berre skal gjevast på biletsida. Roarjo 27. okt. 2005 kl. 05:37 (UTC)

Problemet med å nemna Commons som "kjelde" er at mange av bilete kjem annanstad frå, som flickr, sxc.hu eller ein lokal wikipedia. Dei er ikkje blitt skapte for Commons, bare lagra der. Eg synest tilvisinga til Commons i filskildringa er god nok tilvising. -- Ranveig 27. okt. 2005 kl. 06:31 (UTC)


Fyrste gongen eg såg cc-by-sa lisensen brukt på Wikipedia tykte eg det var merkeleg, nettopp fordi lisensen såg ut til å krevje at opphavsmannen skulle nemnast på artikkelsida. Om nokon har skrive ein artikkel får han/ho ikkje namnet sitt nemd på artikkelsida her på Wikipedia, kvifor skal det vere anleis for illustrasjonsskaparar enn for tekstskaparar? (Ei plausibel forklaring på det kan vere at det eigentleg ikkje er anleis og at fotografar berre skal nemnast på biletskildringsida.)

All tekst som vert lagt inn på Wikipedia er å rekne som utgjeven under GNU fri dokumentasjonslisens. Om det er sjølve GFDL eller skikk og bruk som seier at artikkelforfattarar ikkje skal nemnast på sjølve artikkelsida veit eg ikkje, men eg er i alle fall glad for at det er slik. Når eg les Wikipedia:Vilkår ser det ut som om GFDL er den einaste lisensen ein kan bruke til å publisere tekst med her. For bilete og andre multimediafiler kan ein bruke andre lisensar (ein bør til og med ikkje bruke GFDL til bilete, lisensen gjer det nær praktisk umogleg å bruke bileta utanfor internett). Godtek Wikipedia bruk av cc-by-sa lisensen for vanleg Wikipediaartikkeltekst også? Viss det er eit smutthol til å få namnet sitt nemd på artikkelsider håpar eg ikkje det. Eg ser ikkje nokon grunn til at illustrasjonsmakarar skal nemnast/dragast fram meir enn tekstmakarar på sjølve artikkelsida. Namnet på dei som har skrive vil eg ikkje ha nemnd der, ergo vil eg ikkje ha namnet på fotografen der heller.

På den andre sida: cc-by-sa-lisensen seier You must attribute the work in the manner specified by the author or licensor. Og då opnar kanskje denne wikipediagodtenkne lisensen for fotografar å spesifikt krevje at namnet deira skal nemnast på sjølve artikkelsida. Sjølv om skikk og bruk på engelsk Wikipedia når det gjeld filer med cc-by-sa-lisens då er at å nemne filskaparen berre på filskildringssida er nok, vil lisensen for den einskilde fila kunne seie noko anna, og dermed krevje noko anna. Og då vil Wikipedia måtte forhalde seg til det, anten med å ikkje godta bruk av filer med slike vilkår, eller å fylje lisensen og nemne fotografnamnet i biletteksten på artikkelsida. --Jorunn 27. okt. 2005 kl. 10:53 (UTC)

Eit slikt krav er vel på grensa til å bryta med den typen frie lisensar som Commons skal godta (i ånda åt GFDL). --Guttorm 27. okt. 2005 kl. 14:08 (UTC)
Ein stor skilnad mellom illustrasjon og artikkel er at illustrasjonen har ein opphavsmann/-kvinne, mens artikkelen kan ha hundre. Eg skjønar ikkje kva som er gale med å nemne kven som har laga ein illustrasjon (og ja, eg sit i glashus), --Ekko 27. okt. 2005 kl. 12:37 (UTC)

Slutt på teksten som er saksa frå Samfunnshuset av / Kurtber™|Ordskifte 27. okt. 2005 kl. 13:42 (UTC)

Eg er einig med Ekko.. Om det no er nokon som knipsar bilete som galne for å klare å lure namnet sitt inn i Wikipedia-artiklar og profilere seg sjølv på den måten er jo ikkje det noko særleg stort problem uansett. Det biletet som best illustrerar ein artikkel vil verte valgt og frå profileringskåte fotografar vil vi få mange bilete å velge i mellom ;-) / Kurtber|Ordskifte 27. okt. 2005 kl. 13:42 (UTC)

Når det gjeld merking med Wikimedia (eller wikipedia/commons) tykkjer eg vi i alle fall bør forsøke å få til ein eller annan form for retningsliner som fører til at aviser (og andre medium) som nyttar bilete frå wikimedia oppgjer:
a)Wikmedia som kjelde
b)Fotografen som opphavsmann
Er det mogeleg å få til?

(Til Olve: Vi treng ikkje kaste vekk bandbreidde for å merke alle bilete med "Wikimedia" om vi lagar ein Mal:wikimediabilete eller noko liknande...) / Kurtber|Ordskifte 27. okt. 2005 kl. 13:42 (UTC)

Nei, dét stemmer faktisk ikkje. Med ein slik mal kan databasen haldast slankare, ja. Men bandbreidda blir den same, ettersom dét er eit omgrep for kor mykje data som faktisk går gjennom kablane — uavhengig av om dei er lagraéin eller hundre tusen gonger i sjølve databasen. -- Olve 27. okt. 2005 kl. 15:21 (UTC)
Eg er einig med Jorunn her. Eg ser ikkje nokon store problem med at fotografar blir godskrivne, men det burde heller ikkje vera nødvendig. Det som er viktig er at filskildringssidene er gode. Slik sett ser eg ikkje noko skrikande behov for retningsliner heller, verken for oss eller for andre brukarar av innhaldet. Brukarar av innhaldet vårt må uansett forhalde seg til lisensane (og nokre skriv om kva desse inneber hadde nok vore veldig fint å få på plass).
På den andre sida er det også rett at filene me brukar ikkje direkte kan samanliknast med teksten. Likevel vil det jo ofte vera fleire som har hatt ei hand med i verket, til dømes i produksjon av illustrasjonar, dette kjem ikkje med om ein berre godskriv første eller sistemann som lagra fila. Det er heller ikkje slik at «alle andre» godskriv opphavsrettinnehavar direkte under kvart bilete. Det er ikkje uvanleg i bøker og magasin og andre å gjera dette på andre måtar (til dømes liste til slutt i boka, generell godskriving først i boka med unntak, godskriving på kantane av sider, og så bortetter). Wikipedia sin måte har til no vore å bruka filskildringssider, eg trur det er viktigare å styrka denne måten, ev. med nynorske filskildringar enn å byrja med godskriving av fotografar (der det ikkje er nødvendig). --Guttorm 27. okt. 2005 kl. 14:08 (UTC)
Bill Gates på konferansen IT-Forum i København sommaren 2004. (Foto: Kees de Vos)
Forstørr
Bill Gates på konferansen IT-Forum i København sommaren 2004. (Foto: Kees de Vos)
Mnja... Det er no ikkje snakk om å begynna med fotografgodskriving på artikkelsidene. Mange av oss har faktisk gjort dette ganske lenge allereie. Inkludert på Engelsk WP, sjølv om det finst fleire syn der òg. Eg er sjølvsagt einig i at ein person som har scanna eit tre hundre år gammalt kart ikkje treng å nemnast i sjølve artikkelen. Men hovudopphavsrettskjelda for bileta (anten det er målaren Rembrandt eller polaroidknipsaren Børt-Kjartan Hukkelhaug) bør nemnast i biletteksten i artiklane i eit slikt verk som dette, meiner altså eg. Vi bør m.a. hugse på at svært mange brukarar aldri klikkar på bileta. Når det er sagt, så er eg sjølvsagt einig i at det er svært viktig at filskildringssidene er gjennomarbeidde òg... -- Olve 27. okt. 2005 kl. 15:21 (UTC)
Jaudå, eg har fått med meg at de har drive med dette ei stund, og eg har ikkje tenkt å verken få innført nokon retningsliner som dikterar at me ikkje skal ha slike godskrivingar eller byrja å fjerna dei sjølv (eg har faktisk godskrive meg sjølv på brukarsida mi). Men eg vil heller ikkje at me ender opp med retningsliner som dikterar at opphavsmenn bør/skal godskrivast. Det er ikkje nødvendig så lenge lisensen ikkje krev det og dersom han krev det spørs det om han er så fri som han bør vera. --Guttorm 27. okt. 2005 kl. 15:58 (UTC)
Det høyrest lurt ut å gjera det fritt om ein skal godskriva bildemakarane i artikkelen eller ikkje. Av og til høver det, som med fotografi eller måleri av éin opphavsmann. Av og til høver det ikkje, til dømes når tre personar og ein organisasjon står bak eit bilde, eller når me bare kjenner brukarnamnet til personen (meiner eg). Synest ikkje det gjer noko å bruka BY-lisensar, på mange vis er dei jo friare enn GFDL. -- Ranveig 27. okt. 2005 kl. 16:56 (UTC)
Ja, eg synest no heller ikkje det skal vera nokon tvang til at brukar ditt eller datt lyt gjera dette. Men samtidig meiner eg at det i svært mange tilfelle (med unntak m.a. av den typen Ranveig nemner) er naturleg å gjera det. Ved måleri synest eg t.d. alltid at opphavspersonen bør nemnast. (Men ikkje scannaren/fotografen/opplastaren.) Ved tredimensjonell kunst (skulpturar, visse typar arkitektur o.a.) kan det vera naturleg å nemne både skaparen av grunnverket (viktigare) og anten teiknaren/målaren (mindre viktig) eller fotografen (generelt minst viktig, men noko viktigare om det er snakk om ein profesjonell fotograf eller ein person med særleg tilknytnad til fagfeltet enn om det er snakk om ein «tilfeldig amatørfotograf»). Ved fotografi med kjend opphavsperson meiner eg personleg at det er lurt å gjera dette òg. Ved kollektivt verk der ikkje éin, evt. i nokre fall to, person(ar) kan skiljast ut som primære, meiner eg at det er betre berre å skildre opphavet på filskildringssida. I fall der den primære opphavspersonen gjorde arbeidet på oppdrag frå ein registrert institusjon utanom WikiMedia meiner eg at ein bør vurdere frå fall til fall (m.a. ut frå ei avveging mellom retningslinene til denne institusjonen, generell opphavsrettlovgjeving og dei generelle retningslinene på både Wikipedia som heilskap og spesifikt på nn).
Jaja. Dette vart kanskje litt kronglut skrive. Men eg håpar det er nokonlunde klårt kva eg prøver å seie. For meg ser det ut som vi er einige i mykje — m.a. at det ikkje bør vera noko krav at alle bilete i alle artiklar skal ha alle opphavspersonar oppramsa på artikkelsidene, samtidig som at det ikkje bør vera noko fullt forbod mot dette heller. Så da er det beste truleg å utarbeide retningsliner som tek omsyn til dei ulike typane fall og som ikkje blir for monolittisk bastante til at kvar og ein av oss kan bruke litt «sunt folkevett» til å avgjera om vi vil bruke tid på å leggje inn dette. Grundig krimsjuke helsingar frå Olve 27. okt. 2005 kl. 21:23 (UTC)
Eg hadde lyst til å skrive noko, men Olve skreiv alt for meg... ;-) / Kurtber|Ordskifte 28. okt. 2005 kl. 08:54 (UTC)

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu