Bekblende
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bekblende (frå tysk Pechblende), uranbekerts eller uraninitt er eit svært radioaktivt materiale som for det meste inneheld uranoksid (hovudsakleg UO2 og noko UO3). Stoffet blir nytta som malm for å vinna ut uran, og radium, som er eit nedbrytingsprodukt av uran.
Ein finn stoffet i produsentland som Sør-Afrika, USA og Canada. Det finst òg i Tyskland, England og Australia.
Krystallisert bekblende finst i minerala cleveitt og brøggeritt, som mellom anna finst i Noreg.