Bahá'u'lláh
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abrahamittiske rel. |
Jødedom kristendom |
islam bahá’í sikhisme |
Indoiranske religionar |
parsisme - hinduisme |
djainisme - buddhisme |
sikhisme - bahá’í |
Denne artikkelen er del av serien om Bahá’í |
Sentrale personar |
Báb - Bahá'u'lláh |
Abdu'l-Bahá - Shoghi Effendi |
Skrifter |
Kitáb-i-Aqdas |
Kitáb-i-Iqan |
Livsførsel |
kalender |
fastemånaden |
dagleg bøn |
huqu'u'llah (religiøs skatt) |
syn på rusmiddel |
paktsbrytarar (bannlyste) |
ekteskap - gravferd |
Heilage stader |
Qiblih |
Haifa - Shiraz - Bagdad |
gudshus |
Andre retningar |
babisme - ortodoksi |
Bahá'u'lláh (12. november 1817–29. mai 1892) var grunnleggjaren av bahá'í-religionen. Det opphavlege namnet hans var Mirza Husayn-Ali Núri, men han tok det arabiske namnet Bahá'u'lláh som tyder Guds herlegdom. Bahá'u'lláh blir i bahá'í-religionen rekna for å vera Guds bodberar for menneskja i dag.
Mirza Husayn-Ali Núri var fødd i Teheran i Iran. Han var ein tilhengjar av Báben, som grunnla religionen babisme. Ein av læresetningane i religionen var at «han som Gud skal syna fram» skal sameina alle menneske og religionar.
I 1863 i Bagdad openberra Bahá'u'lláh seg som den utvalde, som babismen, og etter hans syn alle andre tidlegare religionar, hadde lova. Han skreiv brev til kongar og presidentar og formana dei om å leggje bort konflikter og usemje og minske skattebyrda for dei fattige. Han bad dei komma saman til ein stor konferanse for å leggje fundamentet for «den største freden». Da dei ikkje lydde boda hans, erklærte han at dei kjem til å miste rikdommane sine. Krigar og katastrofer skal fortære land og område føre verdas likevekt blir oppnådd.
Bahá'u'lláh vart landsforvist frå Persia (noverande Iran) i 1850-åra, og reiste gjennom noverande Irak og Tyrkia i Det osmanske riket til Akko i det noverande Israel), der han døydde i 1892.
[endre] Verk
Den viktigaste boka hans, Kitáb-i-Aqdas (Den heilagaste boka), inneheld 190 vers med utførlege kommentarar. Denne boka blir i Bahá’í-trua rekna som verdenscharteret for menneskja. Andre sentrale bøker er Kitáb-i-Iqan (Boka av vissheitar) og Dei skjulte ord (utgjeve posthumt). Ein del av bøkene hans er omsette til norsk.