Ayn Rand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ayn Rand (fødd 2. februar 1905 som Алиса Зиновьевна Розенбаум, Alisa Zinovjevna Rozenbaum i St. Petersburg, død 6. mars 1982 i New York) var ein kontroversiell russiskfødt amerikansk forfattar og filosof. Ho vert rekna som grunnleggjaren av den filosofiske retninga ho kalla objektivisme, som er i nær slektskap med libertarianismen og liberalismen. I tillegg til dei filosofiske arbeida har Ayn Rand skrive ei rad skjønnlitterære verk, m.a. romanane The Fountainhead og Atlas Shrugged, båe utgjevne på norsk.
Ho flykta frå Russland etter revolusjonen i 1917 til USA, der ho mellom anna arbeida som manusforfattar i Hollywood.
Den einaste boka på norsk om Ayn Rand er Fornuft, egoisme, kapitalisme: essays om Ayn Rand (Kontekst forlag, 2003) av Vegard Martinsen. Boka analyserer romanane hennar og gjev ei framstilling av objektivismen. Boka inneheld elles ei rad artiklar om ulike sider av Ayn Rand sitt liv og objektivismen. Fleire av artiklane i boka har tidlegare vore publisert i ulike tidsskrift og aviser.