6. mars
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
6. mars er den 66. dagen i den gregorianske kalenderen (67. under skotår). Det er 300 dagar att av året.
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
[endre] Fast religiøs helgedag
- (Helgedagar som følgjer måneåret i kristendommen (t.d. påske og pinse), jødedommen og islam er ikkje medtekne her, ettersom desse fell på ulik gregoriansk dato frå år til år.)
[endre] Primstaven
[endre] Namnedag
Noreg | Annfrid og Andor |
Sverige | Ebba og Ebbe |
Danmark | Godtfred |
[endre] Helgendag i den katolske kyrkja
- Fridolin vandraren (av Säckingen)
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1447: Utnemninga av Tommaso Parentucelli til pave Nicolas V
- 1521: Magellan oppdaga Guam
- 1899: Aspirin blei registret som handelsnamn av Bayer Health Care AG.
- 1940: Vinterkrigen: Finland og Sovjetunionen skreiv under på ein våpenkvileavtale.
- 1946: Frankrike anerkjende Vietnam som sjølvstyrande område innanfor Den franske unionen.
- 1957: Ghana (tidlegare Gullkysten) vart sjølvstendig land
- 1964: Kroninga av Konstantin II av Hellas
[endre] Noreg
- 1923: Otto Bahr Halvorsen blei innsett som statsminister for andre gong.
- 1931: Nidaros skifta namn til Trondheim.
- 1995: Brønnøysunds Avis la ut nettstaden sin; den aller første nettavisa i Noreg.
[endre] Fødde
- 1475: Michelangelo, italiensk kunstnar
- 1872: Johan Bojer, norsk forfattar
- 1905: Bob Wills, amerikansk songar og felespelar
- 1912: Tore Hamsun, norsk kunstmålar og forfattar
- 1926: Alan Greenspan, styreleiar i sentralbanken i USA.
- 1944: Kiri Te Kanawa, newzealandsk sopran
- 1946: David Gilmour, engelsk musikar (Pink Floyd)
- 1953: Jan Kjærstad, norsk forfattar
- 1972: Shaquille O'Neal, amerikansk basketballspelar