Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Historie - Wikipedia

Historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Historia blir skriven av vinnaren, hevder dette veggmåleriet i Belfast.
Forstørr
Historia blir skriven av vinnaren, hevder dette veggmåleriet i Belfast.

Historie er forteljing om fortida. Poenget med forteljinga må vere å påverke samtida og framtida, altså bør forteljinga ha relevans. Viss ikkje, forfell historie til reine kuriosa, til underhaldning.

Den som fortel historie har sine føresetnader, sine holdningar og verdiar, og han eller ho gjer sine utval av tema, problemstillingar og hypotesar på grunnlag av desse og av eit utval av tilgjengelege kjelder. Alle historieframstillingar må derfor sjåast som ei av fleire moglege forteljingar om fortida.

Men det betyr ikkje at alle forteljingar er like gode eller sanne. Gyldig blir ei framstilling berre når ho byggjer på fakta. Kjeldene må ha vetorett. Forteljingar som til dømes nektar for at Holocaust skjedde er ikkje gyldige som historievitskap fordi kjeldematerialet som beviser det nazistiske folkemordet på europeiske jødar finst bortanfor all tvil.

Likevel kan også gyldig historieforteljing vere forskjellig, med ulike vektleggingar av årsaker, verknader og sider ved eit fenomen i fortida. Den som studerer historie har i siste instans sjølv ansvaret for å halde på sin kritiske sans, og alltid å hugse at alle forteljingar har ein forteljar og at alle forteljingar er ei av fleire moglege.

Ei historieforteljing er gjerne strukturert i fakta, årsaker og verknader. Vi deler årsaker i to hovudtypar, grunnleggjande og utløysande, og det er viktig å skilje mellom årsakssamanheng (kausalitet) og samanfall (parallellitet).

Eit generelt problem med historie er at den har skjedd, og det som faktisk har skjedd vil ein ha ein tendens til å sjå som uunngåeleg. Det blir fort determinisme av det. Det er da viktig å hugse at alle historiske situasjonar har fleire utvegar, det måtte aldri nødvendigvis bli slik det blei sjølv om det faktisk blei slik. Innanfor visse gitte rammer skaper menneska si eiga historie, og vala menneska gjorde i ulike situasjonar var meir eller mindre gode eller kloke. Den reine determinismen blir fort amoralsk, for vi kan ikkje lære noko viss menneska ikkje har noko val. Nokre gonger kan ein derfor stille opp ein kontrafaktisk hypotese: Kva viss....?

Kjelder er historiske leivningar som til dømes bygningar, reiskapar, våpen, maskiner, innretningar, munnlege og skriftlege skildringar, fotografi, film. Nokre leivningar er og beretningar. Ein avisartikkel kan til dømes sjåast som både leivning og beretning, som leivning fortel den om holdningane til personen som skreiv, som beretning om visse faktiske forhold. Ei førstehandsberetning er vanlegvis betre enn ei andrehandsberetning. Men alle skildringar er subjektive, og kryss-sjekking må til. Di fleire kjelder som stadfestar eit eller anna, di sikrare blir kunnskapen. Normative kjelder seier noko om korleis nokon meiner ting burde vere, ikkje nødvendigvis noko om korleis ting faktisk var. Dei er altså leivningar, ikkje beretningar.

All historie er forteljing, og derfor subjektiv, sjølv om historikaren, den som fortel, må streve etter å vere så objektiv som råd, og han eller ho iallfall let kjeldene ha vetorett. Det vil alltid vere kamp om historia, nettopp fordi ho har relevans for samtid og framtid. Ein kontinuerleg diskusjon om historia er derfor naturleg og viktig.

Vi er alle produkt av historia, både den verkeleg skjedde og dei forteljingane vi er blitt fortalde. Og så gjeld det å hugse på at ny historie blir skapt kvar dag, av oss alle. Vitsen med historie blir da kanskje djupast sett at den skal hjelpe oss å velje veg inn i framtida, ved å bidra til at vi lærer oss å skilje mellom vegar som kanhende fører oss dit vi vil og vegar som fører oss dit vi absolutt ikkje vil.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com