Weimar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Weimar er ein by i den tyske delstaten Thüringen. Byen har kring 64 000 innbyggjarar. Her budde mellom anna Johann Wolfgang von Goethe. Goethe sin venskap med Friedrich von Schiller i tida 1794 til Schiller døydde i 1805 er rekna å ha grunnleggjande tyding for tysk litteratur og kultur. Goethe sitt hus i Weimar er i dag eit museum. I 1999 var Weimar europeisk kulturhovudstad. Samstundes vart Goethe sin 200-årsdag feira med ei rad tilskipingar i Tyskland og andre stader.
Weimar har mellom anna eit stort bibliotek kalla Herzogin-Anna-Amalia-Bibliothek. Delar av biblioteket vart den 3. september 2004 øydelagd av brann.
Tida 1919 til 1933 i tysk historie vert ofte referert til som Weimar-republikken. Grunnlova til republikken vart vedteken i Weimar, den såkalla Weimargrunnlova. Berlin var for uroleg etter den tyske novemberrevolusjonen til at den tyske riksdagen ville møtast og drøfta dette der.
Weimar var òg senter for Bauhaus-rørsla, og byen har ei rad kunstgalleri, museum, det tyske nasjonalteatret og Bauhaus-universitetet. Frå sommaren 1937 til etter andre verdskrig låg det ein konsentrasjonsleir i Buchenwald ved Weimar.