Vestbreidda av Jordanelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestbreidda av Jordanelva, eller berre Vestbreidda, er ei nemning på eit område vest for Jordanelva i Palestina. Området har vore okkupert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967. Jordan okkuperte området i 1948 etter den arabisk-israelske krigen. I området bur det flest palestinarar, men israelske busetjarar har òg busett seg i området. Dei palestinske sjølvstyresmaktene styrer etter osloavtala over delar av området.
For å skilja dei palestinske innbyggjarane frå Israel, har Israel bygd opp ei sperring på vestbreidda. Av motstandarar vert sperringa skildra som ein mur, medan israelske styresmakter skildrar han som eit tryggingsgjerde mot terrorisme.
[endre] Byar på vestbreidda
Nablus, Ramallah, Betlehem og Jenin er døme på byar på vestbreidda. Aust-Jerusalem vart annektert og innlemma i staten Israel etter seksdagarskrigen, men denne annekteringa vert ikkje anerkjent av dei fleste land, som framleis reknar Aust-Jerusalem som del av Vestbreidda.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |