Betlehem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Betlehem (hebraisk בֵּית לֶֽחֶם Bet léḥem, ‘brødhus’; arabisk بيت لحم Bayt Laḥm ‘kjøthus’) er ein by på Vestbreidda av Jordanelva, i Palestina. Byen ligg om lag ei mil sør for Jerusalem, 765 moh. Han er eit viktig senter for religion og turisme, og hyste tidlegare ei av dei største gruppene palestinske kristne i Midtausten. Dei siste åra har mange kristne flytta ut på grunn av konflikten med radikaliserte palestinske muslimar, og den historisk kristne byen har i dag eit fleirtal av muslimar.
Ved Betlehem ligg etter jødisk tradisjon grava til Rakel, og byen er i kristen tradisjon fødeplassen til Jesus. Mellom anna julesongen «Eit barn er født i Betlehem» er laga til minne om denne hendinga.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |