Västerbottens län
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Länsbokstav | AC | ||
Landskap | Västerbotten, Lappland och Ångermanland | ||
Residensstad | Umeå | ||
Landshövding | Lorentz Andersson | ||
Areal - Totalt - Andel vatn |
Nummer 2:e 55 432 km² |
||
Folketal - Totalt - Innbyggjarar/km² |
Nummer 14:e 256 875 5 |
||
Oppretta | 1638 |
Västerbottens län, er eit len i Sverige. Lenet ligg i den nordlege delen av Norrland. Lenet vert utgjort av landskapet Västerbotten, den nordaustlege delen av landskapet Ångermanland og den sørlege delen av landskapet Lappland. Västerbottens län er det nest største lenet i Sverige. Flatevidda er ein åttandedel av flatevidda til Sverige. I lenet bur det kring 260 000 innbyggjarar. Administrasjonsstad er Umeå, som mellom anna har ei universitet.
Västerbottens län har ein variert natur, alt frå det karrige kystlandskapet ved Bottenviken til den mektige fjellnaturen i vest på grensa mot Noreg. Mellom fins innlandet med milevide skogar og myrar. Naturreservata i lenet avspeglar òg dette mangfaldet.
I Västerbottens län fins ein nasjonalpark, Björnlandets Nationalpark i Åsele kommune, og 153 naturreservat. Naturreservata har ei total flatevidd på kring 800 000 hektar og dekkjer dermed 13 prosent av flatevidda. Vindelfjällens naturreservat i Sorsele og Storumans kommune er med sina 550 000 hektar det største verna området nord i Europa.
[endre] Byar
- Lycksele
- Skellefteå
- Umeå
[endre] Kommunar
- Bjurholms kommune
- Dorotea kommune
- Lycksele kommune
- Malå kommune
- Nordmalings kommune
- Norsjö kommune
- Robertsfors kommune
- Skellefteå kommune
- Sorsele kommune
- Storumans kommune
- Umeå kommune
- Vilhelmina kommune
- Vindelns kommune
- Vännäs kommune
- Åsele kommune
[endre] Lenkjer ut
Len i Sverige | ||
Blekinge | Dalarna | Gotland | Gävleborg | Halland | Jämtland | Jönköping | Kalmar | Kronoberg | Norrbotten | Skåne | Stockholm | Södermanland | Uppsala | Värmland | Västerbotten | Västernorrland | Västmanland | Västra Götaland | Örebro | Östergötland |
Barentsregionen |
Finnmark | Nordland | Troms | Västerbotten | Norrbotten | Lappland | Norra Österbotten | Kainuu | Murmansk, Arkhangelsk, Komi, Karelen, Nenetsia |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |