Myr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myr er ei nemning på eit fuktig område eller ei blautmark (våtmark) som stort sett er dekka av torv (meir eller mindre nedbrote organisk materiale).
Myr kan delast inn i fleire ulike kategoriar:
- Regnvass-myr (ombrogen myr) er næringsfattig og vegetasjonen er artsfattig.
- Jordvass-myr (minerogen myr) får næringstilgang gjennom grunnvatnet, og etter næringstilgangen vert igjen delt i rik-myr og fattig-myr.
- Fattig-myr har gjerne mykje gras i tillegg til plantar som og finst på regnvass-myr, medan rik-myr har mer variert vegetasjon der også tettegras, jåblom og fleire ulike orkidear inngår.
Torvmoser lagar eit antiseptisk stoff, sfagnol, som gjer til at torva kan verte bevart i veldig lang tid. Det er i flere land funne vel bevarte lik som har lege i myr i fleire hundre år. Ei myr kan innehalda myrmalm, og kan nyttast til ved jarnvinne.
[endre] Myr og landbruk
Eit myrlandskap eignar seg dårleg til landbruk utan tiltak for å auka avrenninga av vatn. Til dømes Det norske myrselskap arbeidde mykje med oppdyrking av myrlandskap, i tillegg til produksjon av brenntorv og torvstrø. Ei myr kan dyrkast opp ved graving av grøfter der ein legg ned vassrøyr. Andre måtar kan vera å grava ein kanal der vatnet kan renna. Etter kvart har det vorte meir fokus på å ta vare på myrlandskap som ein særeigen landskapstype.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Våtmark og myr - dei mest truga naturtypane våre (Nettverk for miljølære)