Republikken Komi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Hovudstad | Syktyvkar | ||
Areal - total |
(15.) - 415 900 km² |
||
Folketal - Total |
(54.) - 1 018 674 (2002) |
||
Administrativ status | Republikk | ||
Føderalt distrikt | Severo-zapadnyj (Nordvestlege) | ||
Økonomisk region | Severnyj (Nordlege) | ||
President | Vladimir Aleksandrovitsj Torlopov | ||
Nasjonalsong | — | ||
Kadaster-nr | 11 | ||
Offisielle språk | Russisk og komi |
Komi, eller Den komiske republikken (på komi Komi Mu eller Komi-landet), er ein delrepublikk i den europeiske delen av Russland, på vestsida av Uralfjella, i hovudsak innafor Petsjora-elva sitt nedslagsfelt. Komi er ei føderal eining i den russiske føderasjonen, og ein av dei tretten medlemmene av Barentsregionen. I nord grensar Komi mot Nenetsia, i nordaust mot Jamal-Nenetsia, i aust mot Khanty-Mansia, i søraust mot Sverdlovsk-provinsen, i sør mot Perm-provinsen, i sørvest mot Kirov-provinsen og i vest Arkhangelsk-provinsen. Hovudstaden i republikken er Syktyvkar.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Komi-området vart ein del av Russland i 1472, då den russiske ekspansjonen austover tok fart.
Sovjetunionen danna Syrjenaranes autonome område i 1921. Komis autonome sosialistiske sovjetrepublikk vart danna i 1936. Komi vart undervist i grunnskolen under Stalin, men frå og med innstramminga i den sovjetiske språkpolitikken under Khrusjtsjov vart undervisninga i komi forbode frå og med slutten av 1950-talet.
I Stalin-tida fans det fleire fangeleirar som var ein del av gulag-systemet i republikken. Byen Vorkuta i nordaust oppsto rundt eit av dei største kompleksa av fangeleirar i den europeiske delen av Russland, bygd opp rundt kolgruvedrift. Det er anslått at ein million fangar var innom leirane her. Eit fangeopprør i Vorkuta i 1953 vart slått ned av den raude armeen med maskingevær og stridsvogner.
Etter at Sovjetunionen vart oppløyst utferda Komi Autonome Sosialistiske Rådsrepublikk ei sjølvstendeerklæring, men republikken vart likevel verande ein del av den russiske federasjonen. Komi og Russland skreiv i 1996 under på ein avtale som gjev regjeringa i Komi høve til å utvikle republikken relativt sjølvstendig.
Sidan 2002 har Vladimir Torlopov vore president i republikken Komi. I 2005 vart han nominert til fire nye år som president av Vladimir Putin og parlamentet i Komi stadfesta dette samrøystes 7. desember 2005.
[endre] Geografi
Komi består for det meste av lågland med låge kollar. I den austlege delen av republikken er Uralfjella, det høgaste fjellet i Komi og Uralfjella er Narodnaja, 1 894 m.o.h.). Andre høge fjell er Telpos, 1 617 m.o.h. og Halmer-Ju, 1 363 m.o.h.. Langs dei nordvestre og sentrale delen av republikken går Timan-ryggen eller Timan-fjella, det høgaste punktet er 463 m.o.h.
Den største elva er den 1 809 kilometer lange Petsjora, som har kjeldene sine i den søraustre delen av republikken, i Ural. Petsjora renn gjennom Komi inn i Nenetsia. Nedfallsområdet er 322 000 kvadratkilometer, og dei viktigaste bielvene er Usa og Izjma. I sør finst også Vytsjegda-elvas nedfallsområde. Vytsjegda sine viktigaste sideelvar er Vym og Sysola, som renn saman med Vytsjegda i Syktyvkar.
Det nordlege barskogsbeltet, taigaen, dekker 72,7 prosent av republikken sitt areal. I tillegg er 9,8 % av arealet dekt av myr. Av barskog er det i Komi m.a. furu og gran) og 20 lauvtreslag (m.a. osp, bjørk, rogn og vidje). I skogen er det hare, ekorn, rev, bjørn, ulv, elg, fuglar m.a. tiur, orrhane, and og gås. I den sørlege delen av republikken er det også gaupe, villsvin og kronhjort. Dei mest utbreidde fiskeslaga er laks, sik og harr.
Den nordlegaste delen av republikken høyrer til tundraen. Heilt i nord er det trelaus tundra, fem prosent av arealet. Mellom den trelause trundraen og barskogbeltet ligg skogtundrabeltet, som dekker 4,5 prosent av arealet. På tundraen veks det mose, lav og myrgras, og dvergbjørk og vidje. Av dyr finst det rein, lemen og fjellrev. I tillegg hekkar det gås, svane og and og mykje småfugl, som kjem etter dei store flokkane av mygg og knott.
Gjennomsnittstemperatur i januar er i nordaustdelen av republikken i Vorkuta -20,4 Celsius og i sør i Syktyvkar -17,1 ˚C. Gjennomsnittstemperatur i juli er +11,7 ˚C i Vorkuta og +16,6 ˚C i Syktyvkar.
Dei største nasjonalparkane i Komi er Petsjora-Ilytsj-området langs Petsjoras breidder og Jugyd Va nasjonalpark aust i republikken, i Ural. Jugyd Va-området vart i 1995 erklært som verdsarvstad av UNESCO.
[endre] Folkesetnad
Folketalet i Komi er 1 106 522 (2003). Av folkesetnaden er 57,3 prosent russarar, 23,3 prosent komiar , 8,5 prosent ukrainarar, 2,1 prosent kviterussarar, 2,1 prosent tatarar, 1 prosent tyskarar og 5,7 prosent andre (til saman 64 etniske grupper).
Dei største byane er hovudstaden Syktyvkar (227 700), Vorkuta (184 000), Ukhta (98 700), Petsjora (57 400), Izjma, Sosnogorsk og Mikun. 74,2 prosent av folket i Komi bur i byar.
[endre] Administrativ inndeling
Administrativt sett er Komi delt inn i 12 krinsar og åtte byar som står rett under republikkadministrasjonen.
Store byar og tettstader (1. Januar 2005)
By | Komi/russisk | Innbyggjarar |
---|---|---|
Syktyvkar | Сыктывкар | 228.928 |
Ukhta | Ухта | 103.064 |
Vorkuta | Воркута | 82.000 |
Petsjora | Печора | 57.400 |
Usinsk | Усинск | 45.238 |
Inta | Инта | 38.772 |
Sosnogorsk | Сосногорск | 29.203 |
Vorgasjor | Воргашор | 19.873 |
Jemva | Емва | 15.777 |
Severnyj | Северный | 14.228 |
Vuktyl | Вуктыл | 14.031 |
Nizjnij Odes | Нижний Одес | 11.654 |
Mikun | Микунь | 11.409 |
Zjesjart | Жешарт | 9.832 |
Jarega | Ярега | 8.519 |
Troitsko-Petsjorsk | Троицко-Печорск | 8.499 |
Krasnozatonskij | Краснозатонский | 8.464 |
Vodnyj | Водный | 6.662 |
Usogorsk | Усогорск | 5.432 |
Zapoljarnyj | Заполярный | 4.498 |
Verkhnjaja Maksakovka | Верхняя Максаковка | 4.010 |
Vojvozj | Войвож | 3.673 |
Sjudajag | Шудаяг | 3.620 |
Komsomolskij | Комсомольский | 3.426 |
Kozjva | Кожва | 3.421 |
Sindor | Синдор | 2.973 |
Blagojevo | Благоево | 2.607 |
Verkhnjaja Inta | Верхняя Инта | 2.095 |
Sedkyrkesjtsj | Седкыркещ | 2.011 |
[endre] Økonomi
Komi har rike naturressursar, det finst steinkol, olje, jordgass, skiferstein, asfalt, bauxitt, bergsalt, diamantar, halvedelsteinar, kvarts og mange ulike malmslag, m.a. gull. Dei viktigaste industrigreinene er olje-, energi-, skog-, bergverks-, maskin-, treforedling- og næringsmiddelindustri. Dei viktigaste er olje- og energiindustrien, som står for 64 % av republikkens industriproduksjon. Olje- og gassindustrien er konsentrert til Ukhta sentralt i republikken, og steinkolproduksjonen til nordaust i Vorkuta. Andre viktige industrisentra er Syktyvkar, Petsjora og Izjma.
Jordbruket er konsentrert til kvegdrift. Sør i republikken er det storfe, og i nord er det rein, I tillegg driv dei fiskeri og pelsdyroppdrett og -jakt. I sør dyrkar dei dyrefor, grønnsakar og potetar.
[endre] Kommunikasjon
Den viktigaste vegen går frå sørenden av republikken via Syktyvkar til Ukhta. Jernbanenettet er bygd opp rundt Kotlas-Vorkuta-jernbanen, ein bane som går frå sørvest i republikken til heilt oppe i nordaust, til det Jamalo-Nenetsiske området. Ut frå denne banen går det mange andre banar, m.a. frå Mikun til Syktyvkar, frå Mikun til Vendenga, frå Sosnogorsk til Troitsko-Petsjorsk og frå Synja til Usinsk. I løpet av dei siste 30 åra har jernbanenettet i republikken vorte dobbelt så langt. I tillegg er det planar om å bygge ein jernbane frå Syktyvkar via hovudstaden i det Permjakiske området Kudymkar til Perm. Dei største elvene i republikken, Petsjora og Vytsjegda er også viktige for båttrafikken.
[endre] Politikk
Komi har eit parlament med 180 medlemmar. Presidenten heiter frå 15. januar 2002 Vladimir Aleksandrovitsj Torlopov og utanriksministeren Aleksandr Okatov. Før Torlopov var Jurij Spiridonov president.
[endre] Religion
Fleirtalet av innbyggjarane i republikken Komi høyrer til ortodoks kristendom. I tillegg kan det vere nokre som praktiserer eller prøver å revitalisere den førkristne religionen til komiane. Komiane skil seg likevel frå dei andre uralske folka i Russland ved å ha vorte kristna tidleg og grundig, og er dermed kanskje det uralske folket der kristendommen står sterkast. I den seinare tida har det vore misjonsverksemd frå jehovas vitne, adventistar, pinsevener og lutheranerar.
[endre] Utdanning
Det er ca. 450 grunnskolar i republikken Komi. I Syktyvkar ligg Komi statlege universitet (grunnlagt 1972), ulike avdelingar av vitskapsakademiet, eit pedagogisk institutt og eit skogsteknisk institutt. I Ukhta ligg Ukhtas Tekniske universitet og i Vorkuta ligg det eit skogbruksøkonomiske institutt.
[endre] Kjelde
Ei sentral kjelde til denne artikkelen er den finske wikipedia-artikkelen om Republikken Komi.
[endre] Eksterne lenkjer
- Republikken Komi si offisielle heimeside
- Komistat - Republikken Komi sitt statistiske byrå
- Økonomidepartementet i Komi (på engelsk)
Russiske republikkar | ||
Adygeja | Altai | Basjkortostan | Burjatia | Tsjetsjenia | Tsjuvasjia | Dagestan | Ingusjetia | Kabardino-Balkaria | Karelen | Khakasia | Komi | Kalmykia | Karatsjajevo-Tsjerkessia | Mari El | Mordovia | Nord-Ossetia-Alania | Sakha | Tatarstan | Tuva | Udmurtia |
Barentsregionen |
Finnmark | Nordland | Troms | Västerbotten | Norrbotten | Lappland | Norra Österbotten | Kainuu | Murmansk, Arkhangelsk, Komi, Karelen, Nenetsia |
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2006.