Urnordisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urnordisk er språksteget i dei skandinaviske språka i tida mellom ca år 200 og 500 av den vestlege tidsrekninga og var språksteget mellom urgermansk (ca 2000 fvt.–200 evt.) og synkopetida (500–700) — då dei mest trykklette stavingane fall bort og det norrøne kom til.
[endre] Primærkjelder
Ein har funne ca 200 ulike runeinnskrifter på det urnordiske språket jamt fordelt over heile Skandinavia. Innskrifta på dei danske gullhorna som truleg er frå 400-talet evt., er det best kjente dømet på urnordisk språk. Ho lyder slik: «ek HlewagastiR holtijaR horna tawido.» Teksten ville på norrønt lyda omlag slik: Ek Hlégestr hyltir horn táða. Gullhorninnskrifta vert ofte omsett slik: Eg Legjest frå Holt (eller skogmannen eller Holts sønn) gjorde hornet. R indikerer eit fonem som vart uttala som ein mellomting mellom stemt s og en tungespiss-r. I norrøn tid fall R saman med r. Over alt i Skandinavia møter ein den same språkforma i urnordiske runeinnskrifter, men nokre meiner dei kan sjå somme lokale skilnader i grammatikken.
[endre] Grammatikk
[endre] Forskingshistorie
Urnordisk er eit så arkaisk språkform at ein frå tysk side har hevda at gullhorninnskrifta like gjerne kunne vera gammal tysk. Men om gullhorna er frå 400-talet evt. og urnordisk då hadde vore skilt frå urgermansk i over to hundre år, vert den tyske påstanden lite truverdig. Gamalhøgtysk reknar ein frå 700-talet — altså etter synkopetida.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |