Tsjekkoslovakia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
||||
Nasjonalt motto: (1918-1989) Pravda vítězí
(Tsjekkisk: Sanninga lever) (Latin: Sanninga vinn) |
||||
Offisielle språk | Tsjekkisk og Slovakisk | |||
Hovudstad | Praha | |||
Flatevidd (1991) | 127,900 km² | |||
Folketal (1991) | 15,600,000 Tsjekkarar 54.1%, Slovakar 31%, Moraviarar 8.7%, Ungararar 3.8%, Sigøynarar 0.7% |
|||
Valuta | Tsjekkoslovakisk koruna (Kčs) = 100 haler | |||
Tidssone | UTC+1 | |||
Nasjonalsong | Kde domov můj + Nad Tatrou sa blýska | |||
Internettdomene | .cs (ute av bruk, etter som .cz og .sk vart nye domener) |
Tsjekkoslovakia var ein stat i Europa som vart oppretta den 28. oktober 1918 av Tomáš Garrigue Masaryk som ein konsekvens av den fyrste verdskrigen. Tsjekkoslovakia vart oppretta på landområde frå det tidlegare keisarriket Austerrike-Ungarn. Det dreidde seg om dei historiske austerrikske landskapa Bøhmen og Mähren, i tillegg til ein liten del av Schlesien. Frå Ungarn kom området som utgjer Slovakia etter 1993. Dei sudettyske områda av Bøhmen, der det budde mest tyskarar, ynskte å vera ein del av Austerrike. Tsjekkoslovakiske styrkar marsjerte inn i området i 1918. I 1938 vart dei sudettyske områda innlemma i Tyskland som fylgje av Münchenavtala. Mykje av det tsjekkiske forsvaret var bygd opp i området, så Tyskland kunne seinare lett ta resten av landet. Frå 1939 til slutten av den andre verdskrigen utgjorde den historisk austerrikske delen av området det tyske protektoratet Böhmen og Mähren. Slovakia vart gjort til ein eigen stat. I 1945 vart Tsjekkoslovakia gjenoppretta under kontroll av Sovjetunionen. I 1968 vart Tsjekkoslovakia invadert av Sovjetunionen, DDR og Folkerepublikken Polen, etter at landet hadde lagt seg på ein politisk reformkurs.
I den såkalla fløyelsrevolusjonen 16. november - 29. desember 1989 vart det kommunistiske styret forkasta, og Václav Havel vart innsett som president. Tsjekkoslovakia vart seinare oppløyst, og 1. januar 1993 inndelt i den nye staten Tsjekkia og det gjenoppretta Slovakia. Delinga av Tsjekkoslovakia er ofte vorte kalla ei «fredeleg skilsmisse», på grunn av at begge partar var samde om delinga.
Hovudstaden i Tsjekkoslovakia var Praha og mynteininga var tsjekkoslovakisk koruna.
[endre] Sjå òg
- Tidlegare land