Toppskarv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toppskarv |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Toppskarv |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Phalacrocoraz aristotelis Linné |
Toppskarv (Phalacrocorax aristotelis) er ein sjøfugl som hekkar i koloniar. Fuglen høyrer til skarvefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utbreiing
Toppskarven finst i nordlege og vestlege Europa. I Noreg hekkar han i kystområde på Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland.
[endre] Utsjånad
Han er svart og ganske kort. Namnet kjem frå det karakteristiske hovudet som får ei særegen «sløyfe» hos hannane i paringstida. Fuglen er derfor lett å skilje frå andre artar, men kan særlig vinterstid forvekslast med storskarv.
[endre] Levemåte
Hoa legg 2-3 lyseblå egg i mai. Begge foreldre rugar, i 30 dagar. Ungane vert mata med oppgulpa fisk. Dei blir i reiret i over 50 dagar.
Toppskarven overvintrar vanlegvis i Noreg.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |