Tertiærtida
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tertiærtida eller berre tertiær har vore ei nemning på den geologiske perioda mellom krit- og kvartærtida.
I 2004 avgjorde Den internasjonale kommisjonen for stratigrafi at inndelinga av kenozoikumtida i tertiærtida og kvartærtida skulle erstattast med ei inndeling i paleogentida og neogentida.
Av geologiske epokar som utgjorde tertiærtida, finn ein no paleocentida, eocentida og oligocentida i paleogen, medan miocentida og pliocentida (i tillegg til epokene i kvartærtida) vart slegne saman til neogen.