Tørrfisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tørrfisk (Turrfisk) er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell eller (meir sjeldent) tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjente konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er også billig, det kan gjerast av fiskaren sjølv og gjer fisken enklare å transportera til marknaden. Tørking av fisk er kjend frå gammalt av i Noreg, ordet «torsk» kjem av det norrøne. turskr som betyr turrfiskr (tørrfisk).
Det er for det meste torsk som blir brukt til tørrfisk, andre fiskeslag som for eksempel sei, hyse, brosme og lange blir brukt i mindre grad. I løpet av hundreåra er det utvikla fleire variantar av tørrfisk, for eksempel boknafisk og (salta) klippfisk. Salting av fisk blei fyrst for alvor aktuelt på 1700-tallet, då ein fekk tilgang til billig salt frå Syd-Europa. Tørrfisk og klippfisk kan igjen vidareforedlast til lutefisk.
Tørrfisken er den vara Noreg har eksportert lengst, og er ved sida av råolje, naturgass og inntekter frå handelsflåten den samfunnsøkonomisk mest lønnsame eksportvara gjennom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka vert kalla kleppfisk eller klippfisk.
Innhaldsliste |
[endre] Framgangsmåte og bruk
Vitskapen rundt produksjon av tørrfisk kan på mange måtar samanliknast med produksjon av ein god konjakk, parmaskinke eller ein god modna ost.
Fisken vert gjort klar straks han er fanga. Før tørking vert han sløyd (hovud og innvolar vert fjerna, og fisken vert vaska). Fisken vert anten tørka heil til stokkfisk eller rundfisk, eller han blir delt i to og ryggbeinet vert slik fjerna at han berre heng saman i sporen (halerota). Denne fisken blir kalla rotskjær, eller splittfisk.
Fisken vert hengd på hjell medan det enno er snø på bakken, frå februar til mai. Snøen vernar mot insekter og hindrar at det går bakterier i tørrfisken. Ein temperatur litt over null utan for mykje regn er det beste. Om det vert for mykje frost, blir fibrane sprengde i fisken og ein får såkalla fosfisk. Denne kan ikkje brukast til matlaging. Klimaet i Nord-Noreg er ypparleg for å tørka fisk. Den beste tørrfisken vert produsert i Lofoten, der tørkeforholda er mest stabile. Skreifisket i Lofoten har også alltid gått fære seg i den beste tørketida.
Fisken heng på hjell i kring 3 månader. Den ferdig tørka fisken ettermodnast så i 2-3 månader innandørs i eit tørt og luftig miljø. Under tørkinga forsvinn ca. 70% av vatnet i fisken. Tørrfisken har framleis næringsinnhaldet til ferskfisken, berre meir konsentrert; han er rik på protein, B-vitaminar, jern og kalsium.
Etter vraking (kvalitetssortering) vert mestedelen av tørrfisken eksportert til Italia og Kroatia. I Noreg brukar vi hovudsakleg tørrfisken som snacks eller til produksjon av lutefisk. Han blir lite nytta til matlaging. I Italia derimot, vert fisken i mange ulike matrettar. Der blir han sett på som ei delikatesse. Ei av årsakene til at tørrfisk ikkje har blitt brukt til matrettar i Noreg i seinare tid, er truleg den lange tillagingstida. Fisken må vatnast ut i minst ei veke i kjøleg omgjevnad, 5 gradar eller kaldare og vatnet må skiftast ut kvar dag, før han kan brukast i matrettar. Men trenden i Noreg går mot meir bruk av naturlege råvarer i matrettar. På fiskerestaurantane i Tromsø er tørrfisk no den mest etterspurde sjømaten, noko som illustrerer trenden godt.
[endre] Vraking og kvalitetsortering
Tørrfiskvraking er kvalitetsbestemmelse og sortering av tørrfisk. Det er forskjellige forhold som kan skade tørrfisken og dermed føre til nedsortering, for eksempel klepphugg, flekkjer, mugg, frostskadar og fugleetne fisk. Tørrfisken blir kvalitetskontrollert og grovsortert i tre hovudgrupper; prima, sekunda og Afrika (tertia). Vidare blir den sortert etter opp til 30 kvalitetskriterium, blant annan fiskekvalitet, tykkelse og lengde. Dei mest fingraderte vrakingskriteria blir brukte på lofotskreien.
Tørrfiskvrakerne har sitt eige språk, med betegnelser på fisken som zartfisk, høkker, vekker, små danske, split cod, rund brosme og prima hyse. Dei beste kvalitetane skal ha rett farge, og vere frie for mugg og frostskadar. Primafisken har som oftast blitt eksportert til Italia.
Vraking av tørrfisk har ei lang historie. I 1444 kom ei kongeleg forordning om offentleg tørrfiskvraking. Dette er de eldste kjente myndighetsbestemmelser om tvungen kontroll av fisk. Hanseatene klassifiserte tørrfisk av torsk i 24 forskjellige kvalitetar. Den beste kvaliteten var såkalla Hollender-rundfisk. Den dårlegaste var Utskot-rundfisk, den var bedervet i hovudet, men elles brukbar. Den blei ikkje eksportert, men selt til lokalsamfunnet.
[endre] Historie
[endre] Tidleg mellomalder
Tørrfiskhandelen har vore viktig både for kultur og økonomi i Nord-Noreg opp igjennom historia. I vikingtida dreiv lokale høvdingar med direkte eksport av tørrfisk til Vest-Europa.I følge islandske Egils saga er høvedsmannen Torolv Kveldulvsson den fyrste kjende eksportøren av tørrfisk nordfrå. Det blir fortalt at han i år 875 siglde med torsk frå Lofoten til England «for å kjøpe klede og andre ting som han trengde».
Det fyrste kjende fiskeværeit som eksporterte tørrfisk, var kaupangen Vágar, noverande Vågan i Lofoten. Omsetningssentralar fanst i Skiringsal i Noreg, Birka i Sverige, Heidaby i Slesvig og Truso i Aust-Prøyssen.
Allereie på 1000-tallet var tørrfisken den viktigaste norske eksportartikkelen, og ut på 1100-tallet la det grunnlaget for den aukande kjøpmannsstanden i Bergen. Kong Sverre (ca. 11511202) drog nordover i 1177, og møtte då 50 handelsfarty på veg sørover med tørrfisk frå Lofoten.
Kong Håkon Håkonsson (12171263) gav bergensarane monopol på handel nordfrå. Dette monopolet skulle vare heilt til 1715. Det var hovudsakleg tørrfisken som gjorde at Bergen blei eit av Nord-Europas største handelssentre på den tida. I nesten 800 år skulle Bergen fortsetja å vera eit senter for handel med tørrfisk frå Nord-Noreg. I bytte for fisken, blei det innført varer som korn, mjøl, salt, sukker, tøy og jarnvare, og luksusvarer frå fjerne land som silke, glas, kryddar og handverk. Tørrfisken blei også brukt som betalingsmiddel lokalt.
[endre] Skattlegging og eksport
Både kongen og kyrkja ønskte kontroll over tørrfiskeksporten, og representantar for begge desse maktene gjesta ofte fiskeværa. I tillegg til at den norske kyrkje- og kongemakta kiva om kontrollen, var det også krangel mellom fleire land om kven som skulle krevje inn skatt frå fiskeria. Den norske statsmakta ønskte å ha kontroll over kysten heilt til Kvitsjøen, og den russiske makta ville ha kysten heilt ned til Lyngen. Dei laust dette ved at begge land fekk skattleggje fiskarane i dette området. Sverige ønskte også ein del av desse skatteinntektene, men dette blei ikkje akseptert.
På 1300-tallet stod tørrfisken aleine for over 80% av den nasjonale eksporten frå Noreg. Den viktigaste marknaden for tørrfisken var fram til byrjinga av 1300-talet England og dei store byane på kontinentet. I seinmellomalderen blei det eksportert tørrfisk til landa langs Nordsjøen og Austersjøen. Årsaka til at tørrfisken fekk så stor etterspørsel, var at det berre var tillate å ete ost, mjølkemat og fisk i den katolske fastetida.
[endre] Hanseatane
Tørrfisken blei frakta frå Nord-Noreg til Bergen på jekter. Kyrkja fekk etter kvart kontroll over den lønnsame jektefarten og tørrfiskhandelen. Ved slutten av mellomalderen omfatta jektefarten til og frå Nord-Noreg meir enn 200 jekter.
Det var fyrst og fremst hanseatane som utvikla og styrte eksporten, dei var effektivt organisert og hadde gode kontaktar i eksportmarknaden. Kongen la ned forbod for utlendingar mot å dra nordover for å kjøpe tørrfisk, noko som gjorde jektefarten spesielt lukrativt for jekteeigarane.
Under Hansatiden auka både folketalet og velstanden i Nord-Noreg. Hansatida starta på midten av 1300-tallet, og varte til 1754, då nordmenn tok over handelen. Hansaen omfatta ei samling handelsbyr langs kysten frå Nederland til Baltikum. Hanseatane fekk etter kvart ein solid fagkompetanse på å vurdere og handtere tørrfisk.
På slutten av 1600-tallet gjekk fiskeprisane ned, og nedgangstider ramma både hanseatane og fiskarane. Hanseatane greidde ikkje lenger å levere korn og andre forbruksvarar til Nord-Noreg.
[endre] Pomorhandelen
Allereie på 1500-tallet begynte den direkte handelen mellom fiskarar og russarar, som blir kalla for Pomorhandelen. Russarane siglde frå Kvitsjøen og gjesta fiskeværene for å bytte til seg blant annan tørrfisk mot korn og andre varer. Pomorhandelen hadde toppen sin i siste halvdel av 1700-tallet og på 1800-tallet, etter at Bergensmonopolet stansa. Den varte heilt til den russiske revolusjonen i 1917. Handelen gjekk føre seg om sommaren, då dei norske oppkjøparane ikkje handla, så russarane var ikkje i direkte konkurranse med norske handelsfolk.
[endre] Tørrfisken i dag
Noreg er i ein monopolsituasjon i tørrfiskmarknaden. I 1998 eksporterte Noreg klippfisk, saltfisk og tørrfisk for nesten 5,5 milliardar kronar. Av dette stod tørrfisken for ca. 10 prosent, mens klippfisken stod for over halvparten. Då var prisen nede på «normalnivå» etter ein historisk topp i 1988. I 1998 blei det eksportert over 4000 tonn tørrfisk til Italia, som er det landet som importerer mest tørrfisk og har tradisjon for konsum av tørrfisk. Andre land som brukar tørrfisk er Sverige og Kroatia. Tørrfisken ser ikkje ut til å vere ein del av marknadssegmentet til andre torskeprodukt. Marknaden er ganske stabilt, i Eksportutvalget for fisken sin (EFF) årsmelding for 2004 kan vi sjå utviklinga av tørrfiskeksporten mellom 2000 og 2004.
I 2004 blei det eksportert over 6000 tonn tørrfisk. Sjølv om kiloprisen ser ut til å ha gått noko ned, var tørrfisken likevel det mest lønnsame produktet i fiskeri-Noregi 2004.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Johansen, Elisabeth og Moe, Ingebjørg (reid.): Tørrfisk: mat og tradisjonar (Orkana forlag, 2000) parallell norsk og italiensk tekst
- Berge, Geir: Tørrfisk: Thi handla du reid'lig og tørket fisken din : ei bok om tørrfiskkultur, Nord-Noreg og Bergen (Orkana forlag, 1996)
- Tanna, Thorvald: Norsk tørrfisknærings historie (Norges tørrfiskeksportørers landsforening>, 1986)
- Gerhardsen, Meidell: Våre fiskeri i mellomkrigstida (1946)
- Historisk Tidsskrift 4/1991 (Temanummer om nordnorsk historie)
[endre] Nettstader
- Ivan Kristoffersen: Historien om Norge i nord, 2003
- Johs.Giæver: Tørrfisk fra Norge hva er det?
- Ålesund Bacalaoklubb: Her er en liten historie om tørrfisk
- Gunnar Grytås: Milliondryss over Røst Artikkel i Fiskeribladet 22.07.2005
- Norske sjømatbedrifters landsforening: Tørrfisksuksess i nord
- Røst og Tørrfisken - Et historisk produkt
- Bjørn-Petter Finstad, Nordkappmuseet: Høkker og Vekker - Artikkel om tørrfiskvraking