Sydney
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sydney er hovudstad i den australske staten New South Wales. Det er òg den største og eldste byen i Australia (grunnlagt i 1788), men trass i dette er det Canberra som er hovudstad i Australia. Med over 4 millionar innbyggjarar, er Sydney-metropolen den største og mest innflytnadsrike av dei to australske sentra for finans, transport, handel og kultur (den andre er Melbourne).
Det mest berømte landemerket i Sydney er Operahuset, som vart teikna av dansken Jørn Utzon.
Sydney er ein betydeleg global og nasjonal turistdestinasjon og blir ofte omtala som ein av dei flottaste og mest pulserande byane i verda. Sydney var vertsstad for Sommar-OL 2000.
Sydney er òg kjent for dei flotte strendene sine like ved byen, mest kjent er nok Bondi Beach og Manly Beach.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |