Stril
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stril er eit namn på folket som bur på Strilelandet. Strilelandet er eit område i Hordaland fylke. Historieverket "Strilesoga" definerer området til å omfatta Nordhordland og Midthordland utanom det gamle bysenteret i Bergen kommune. "Strilesoga" tek for seg desse kommunane etter kommuneinndelinga pr. 2001: Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden, Fedje, Austrheim, Radøy, Meland, Askøy, Bergen, Os, Fusa, Samnanger, Osterøy, Vaksdal, Lindås, Masfjorden og Modalen.
[endre] Strilesoga
Nemninga "stril" har blitt brukt i negativ og til dels nedsetjande meining, til å skildra bønder og fiskarar i det nære opplandet til Bergen by. Ein måte å definera ordet "stril" på har vore "det folket som kan ro inn til Bergen i løpet av ein dag". Strilane rodde inn til fisketorget i Bergen for å selja fisk og andre varer. Slik skaffa dei seg pengar til å kjøpa nødvendige varer i byen. Strilane er altså eit folk som bur ved kysten.
Strilane var rekna for å vera annleis enn byfolk. Ein typisk stril kunne peikast ut på kleda og på talemålet strilamål, som klart skilde og skil seg frå bergensk. Urtypen av stril var sagt å vera liten av vekst, tettvaksen og med svært lange armar. Armlengda kom seg av all roinga. Av strilar fanst typar som "havstril", "mjølkestril", "bygningsstril" og "fjordstril". Kategoriseringa kom av kva strilane dreiv med, og kvar dei budde.
Lokalavisa Strilen har nyhende frå mykje av Strilelandet.
[endre] Litteratur
- Strilesoga historieverk i 5 band.
[endre] Sjå òg
- Havstrilen - årbok for museum på Sotra og i Øygarden
- Strilekrigen - eit skatteopprør ved Bergen i 1765