Speiding
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Speidarrørsla er ei barne- og ungdomsrørsle som har som mål å fostre borna til gode, sjølvstendige og sterke samfunnsborgarar. Metodikken byggjer på opplevingsbasert læring, samarbeid i små grupper (patruljar), positive ideal i form av ein speidarlov, og opplevinga og eventyr i naturen.
Rørsla vart starta av Robert Baden-Powell i 1907. Tre år seinare, i 1910, hjelpte søstera Agnes Baden-Powell han med å grunnleggja jentespeidarrørsla.
[endre] Historie
Tanken om speidarrørsla byrja under boarkrigen i Sør-Afrika på byrjinga av 1900-talet. Robert Baden-Powell var den kommanderande offiseren i den vesle byen Mafeking som blei truga av ein boarhær mykje større enn dei britiske styrkene i byen. Frivillige gutar avlasta soldatane ved å ta meldingar fram og tilbake, og dei britiske styrkene klarte å forsvara byen. Seinare blei gutane dekorerte med eit merke, ei fransk lilje, som Baden-Powell seinare skulle ta i bruk for speidarrørsla.
Då Robert Baden-Powell kom attende til England i 1903 oppdaga han at dei engelske gutane i byane trengde noko å gjere i fritida si. Så i år 1907 arrangerte Baden-Powell ein prøveleir på Brownsea Island. Deltakarene på leiren var 20 gutar frå ulike samfunnsklassar, desse gutane var dei fyrste speidarane i verda. Etter leiren skreiv Baden-Powell boka Scouting for boys. Året 1908 opna dei fyrste speidargruppene. Idéen med speiding spreidde seg utover heile England og snart hadde ein statra ei heil rørsle. I år 1910 starta systra til Robert, Agnes Baden-Powell speiding for jenter.
I 1920 vart verdas fyrste store internasjonale speidarleir arrangert, Jamboree i London. Der utropa ein Lord Robert Baden-Powell til verdas fyrste og einaste verdsspeidarsjef.
[endre] Speidarforbund
Speidarrørsla er delt inn i to verdsomspennande organisasjonar — World Organization of the Scout Movement for gutar og World Association of Girl Guides and Girl Scouts for jenter.
I Noreg finst det to speidarforbund — Norges speiderforbund og Norges KFUK-KFUM-speidere.