Snorri Hjartarson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snorri Hjartarson (1906 - 1986) var ein islandsk forfattar.
Han studerte biletkunst på Kunstakademiet i Oslo under Axel Revold frå 1931 til 1932. Som forfattar debuterte han med den norskspråklege romanen Høit flyver ravnen i 1934, men det er for diktsamlingane sine på islandsk han er best kjend. Han fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1981 for diktsamlinga Hauströkkrið yfir mér (på norsk: Haustskyming over meg)
[endre] Bibliografi
- 1934 Høit flyver ravnen, roman (Nasjonalforlaget, Oslo)
- 1944 Kvæði, diktsamling (Bokautgafan Heimskringla, Reykjavik)
- 1945 Sol er a morgun : kvædasafn fra atjandu öld fyrri hluta nitjandu aldar (H.F.Leiftur, Reykjavik)
- 1952 Á Gnitaheiði, diktsamling (Heimskringla, Reykjavik)
- 1966 Lauf og stjörnur, diktsamling
- 1979 Hauströkkrið yfir mér, diktsamling (Mál og Menning, Reykjavik)
-
-
- På norsk:
- 1981 Haustskyming over meg, gjendikta av Ivar Orgland (Dreyer forlag, Oslo)
-
- 1992 Kvæðasafn (Mál og Menning, Reykjavik)
I norsk gjendikting fins dikta hans også i boka Lyng og krater : dikt i utval / Snorri Hjartarson på Fonna Forlag frå 1968 i Ivar Orgland si gjendikting.