Slaget ved Stiklestad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Stiklestad | |
---|---|
Slaget illustert av Halvdan Egedius (1877-1899) |
|
Konflikt: Ladejarlane og Hårfagreætta | |
Dato: Sommaren 1030 | |
Stad: Sul ved Stiklestad | |
Utfall: Bondehæren vann | |
Partar | |
Bondehæren sett saman av bønder, høvdingar og adelsfolk | Medlemmer av den gamle kongshirden, lokale folk |
Leiarar | |
Tore Hund, Hårek frå Tjøtta og Kalv Arneson | Kong Olav Haraldsson og Dag Ringsson |
Styrker | |
Ukjent | Ukjent, men sannsynligvis betraktelig mindre enn bondehæren |
Tap | |
Ukjent | Ukjent |
Ladejarlane og Hårfagreætta | |
Slaget ved Stiklestad |
Slaget ved Stiklestad den 29. juli 1030 er eitt av dei mest vidgjetne slaga i Noregssoga. I dette slaget ved Stiklestad i Verdal kommune, mista kong Olav Haraldsson livet. Han vart to år seinare erklært som helgen, og slaget representerer i ettertid innføringa av kristendomen til Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
I 1028 måtte Olav Haraldsson, 13 år etter at han var krona, gå i eksil etter at Knut den mektige og Ladejarlen hadde danna ein allianse. Han flykta til Gardarike (Russland), og heldt seg der i eitt års tid.
Då Håkon Jarl drukna i 1029 såg Olav igjen ein sjanse til å koma til makta i Noreg. Han vende tilbake gjennom Sverige med ein hær, og kom fram til Verdal, nord for Nidaros. Den 29. juli 1030 møtte han der, ved gården Sul, ein hær leia av Hårek frå Tjøtta, Tore Hund og Kalv Arneson. Snorre Sturlason skreiv, vel å merka 200 år senere, at denne hæren hadde meir enn 7 000 mann, om lag dobbelt så mange som det Olav hadde. Dette er usikkert, både dei absolutte tala og forholdstalet. Det er likevel truleg rett at Olav hadde færre soldatar med seg enn motstandarane.
På dette tidspunktet hadde Olav ingen vesentlege støttespelarar i Noreg. Han hadde gjort seg til uven med stormennene gjennom sin tyranniske opptreden, med bøndene gjennom tvangskristninga, og med sin eigen familie ved å utrydda konkurrentar til trona. Kongshæren var hovudsakleg sett saman av utanlandske soldatar og tilfeldige eventyrarar han hadde rekruttert på vegen gjennom Sverige. Den såkalla bondehæren var ein breid allianse der dei fleste norske høvdingar var med, saman med frie bønder, både kristne og hedningar.
[endre] Slaget
Om morgonen, før slaget begynte, sov Olav ei stund. Han skal ha fortalt etterpå at han hadde drømt at han klatra opp ein stige som tok han inn i himmelen. Dette blei ein viktig del av Olavslegenda, ettersom det blei sett som eit teikn på at Olav hadde fått vita at han skulle lida martyrdøden.
Bondehæren viste seg å vera den sterkaste, og Olav blei omringa av fiendane sine. Snorre fortel at han blei drepen av tre sår: Torstein Knarresmed hogg han i låret med øks, Tore Hund stakk eit spyd i magen hans og Kalv Arnesson hogg han i halsen med sverd. Soga fortel at han fekk hogget i låret først, og då kasta frå seg sverdet. Banesåret var truleg hogget i halsen, og han døydde kort tid etterpå.
[endre] Etterspel
Etter at Olav fall snudde stemninga i bondehæren, først hjå høvdingane og sidan hjå bøndene. Olav blei gravlagd like ved slagstaden, og det tok til å gå rykter om at han var ein helgen. Etter eit år blei liket hans gravd opp, og ein fant at det var like friskt som då han døydde. Dette blei sett på som eit sikkert teikn på heilagdomen hans, og liket, som frå då av blei sett på som eit viktig relikvie, blei flytta til Nidaros. Der blei det oppebevart i St. Olavs skrin som den viktigaste og mest kostbare gjenstanden som eksisterte i Norge i mellomalderen.
[endre] Slagstaden
Det er gjort få funn etter slaget på Stiklestad, men dette er i seg sjølv ikkje uvanleg i norsk slagfeltsarkeologi — det steinete norske jordsmonnet gjer presis stadfesting av slag med georadar praktisk talt umogleg.
29. juli 1954 ga eigaren av garden Sul skodespelarar lov til å oppføra eit historisk spel basert på slaget på sin eigedom. Spelet om Heilag Olav blei eit årvisst fenomen, og er det største utandørsdramaet i Skandinavia, sett av over 600 000.
Den katolske kyrkja kjøpte i 1875 ei tomt rett ved slagstaden for å bygga kapell der. Dette sto ferdig akkurat i tide til feiringa av 900-årsdagen for slaget, 29. juli 1930. Kapellet, som naturleg nok heiter St. Olavs kapell, er fortsatt i bruk, og i jubelåret 2000 ga pave Johannes Paul II avlat til dei som deltok i liturgiske feiringar der i samband med olsokfeiringa.