Sjofár
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein sjofár er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (soningsdagen).
Innhaldsliste |
[endre] Kva horn blir bruka?
Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Askenasiske jødar brukar oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre) eller geitebukk. Jemenittiske jødar brukar derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar.
[endre] Korleis blæs ein i sjofáren?
Sjofáren er kappa av og uthola i den tunne enden, der ein blæs med same teknikk som for waldhorn eller norsk bukkehorn. Det finst tre grunnleggjande signal:
- Tekiá (hebr. תְּקִיעָה) er eit halvlangt, enkelt signal (t.d. LL-HHHl)
- Sjebarím (hebr. שְׁבָרִים) er tre korte støt (t.d., LLH LLH LLH-l)
- Teruá (hebr. תְּרוּעָה) er ein serie (oftast om lag ni) raske støt (t.d. L-L-L-L-L-L-L-L-HHHl
[endre] Kva tid?
[endre] Rosj hasjaná og jom kippur
På kvar av høgtidsdagane rosj hasjaná (to dagar) og jom kippúr blir det i vår tids tradisjonelle jødiske gudstenester blåse 100 signal — berre med unntak av når ein av desse dagane havnar på sjabbát (laurdag), når det i vår tid stort sett blir rekna som forbode å blåse i sjofáren.
[endre] Elúl
Askenasiske jødar blæs òg i sjofáren kvar dag i månaden elúl utanom på sjabbát.
[endre] Fredag
I sefardisk jødedom har det tildels vore vanleg å blåse i sjofáren kvar fredag som ei påminning om den kommande helgedagen.