Segn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Segn eller legende er ei nemning på ei stutt forteljing som er overførd som munnleg litteratur. Ordet segn heng saman med å segja / å seia.
Ei segn kan vera tid- og stadfest og handla om namngjevne og historiske personar, i motsetnad til eventyr. Forteljinga gjev seg i regelen ut for å vera sanning.
[endre] Innhald
Segner har gjerne som føremål å forklara ting frå dagleglivet. Dei kan fortelja om overnaturlege hendingar i eldre tid, og skal gjerne tyda ut særskilte ovringar og merkjelege ting i landskapet. Eit døme kan vera korleis ein svær stein har hamna midt ute på ei beitemark. Segner blir ofte og knytta til historiske eller mytologiske personar, som Muhammed, Olav den heilage, Sankt Peter eller Jomfru Maria.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Sjå òg
- Syn og Segn - eit norsk tidsskrift
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |