Overnaturleg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det overnaturlege (det som overskrider naturen) referer til krefter og fenomen som ein ikkje kan observere i naturen og som dermed ligg utanfor den røynda som ein kan verifisere. Om eit fenomen kan verte demonstrert er det ikkje overnaturleg. Dei fenomena som skal medverke til vitskaplege teoriar må ein kunne stadfeste med hjelp frå målingar som kan verifiserast og med hjelp frå vurderinger av fagfeller. Vitskapen kan ikkje gå inn på det overnaturlege, sjå den naturvitskaplege metoden.
- Measure what is measurable, and make measurable what is not so. --Galileo
Konsepta innanfor området det overnaturlege er nært relatert til konsepta innanfor religiøs åndetru og det metafysiske. Teoriar som hevder at overnaturlege fenomen skulle vere vitskaplege vert kalla pseudovitskaplege. Veldokumenterte fenomen som saknar vitskapleg forklaring kallast anomaliar. Men ettersom anomaliar kan verifiserast med objektive empiriske metodar er dei ikkje overnaturlege.
[endre] Sjå òg
- Religion
- Åndeleg
- Magi
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |