Jomfru Maria
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jomfru Maria (òg kalla Maria frå Nasaret) var mor til Jesus. Det hebraiske ordet עלמה (alamah) vart nytta om ei ung ugift jente som framleis budde heime hjå foreldra sine, eller hjå slektningar. Dette ordet sa ikkje noko om jenta var jomfru eller ikkje (det hebraiske ordet for jomfru er bethulah). Då det gamle testamentet, i perioden mellom det 3. og det 1. århundret før vår tidsrekning, vart omsett frå hebraisk til gresk (denne omsettinga er kjendt som septuagint) vart det hebraiske ordet עלמה (alamah) i Isaiah 7:14 feilaktig omsett til det greske ordet παρθενοσ (parthenos), som tyder jomfru. Sjølv om dette er velkjendt i teologiske krinsar vert ordet jomfru framleis nytta. I den katolske kyrkja spelar Jomfru Maria ei sentral rolle og ein freistnad på ein offisiell korreksjon av omsettingsfeilen ville truleg føra til mykje oppstyr.
[endre] Kjelde
- Dawkins, Richard, The selfish gene, Oxford University Press, 1989.
[endre] Lenkjer ut
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |