Perm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perm (russisk Пермь) er ein by i Russland ved elva Kama ved foten av Uralfjella. Byen er hovudstaden i regionen Perm kraj. Han har 1 003 800 innbyggjarar (2004). Han er eit viktig transportknutepunkt, med fire jernbanelinjer, elvehavn og flyplass. Byen har mykje tungindustri som sysselset nær 80% av innbyggjarane.
[endre] Historie
Under tidlegmellomalderen budde finsk-ugriske stammar i området. På 1200- og 1300-talet blei det busett av russiske pelshandlarar og misjonærar frå Novgorod, og etter kvart blei dei første tettstadene grunnlagde etter ordre frå Moskva.
Perm er først nemnd som landsbyen Jagosjikh i 1647. Den verkelege byhistorien tok imidlertid først til Peter I av Russland si utvikling av Uralregionen. Byen blei grunnlagd av Vasilij Tatisjev, tsarutnemnd leiar for industriutviklinga i området, den 17. mai 1723. 29. oktober 1781 fekk han bystatus og det nye namnet Perm, og tjue år etter var han provinshovudstad.
Etter den russiske revolusjonen vart byen tatt av kvitegardistar under admiral Aleksandr Koltsjak, men vart få månader seinare gjenerobra av den raude armeen. I 1938 vart byen sentrum for Perm oblast, frå 1. desember 2005 for Perm kraj.
Frå 1940 til 1957 bar byen navnet Molotov.
[endre] Byen i dag
Perm er eit viktig administrativt, kulturelt, industrielt og vitskapleg senter. Hovudverksemdene er maskinproduksjon, forsvar, tre, kjemisk og petroleumsverksemd – rundt 3% av den russiske petroleumsproduksjonen kjem frå Perm.
Perm har eit universitet, grunnlagd i 1916, og to katedralar frå 1700-talet. Fotballklubben Amkar, som har spelt i den russiske eliteserien sidan 2004, kjem frå Perm.
Han er vennskapsby med Louisville i Kentucky og Oxford i England.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisielle nettsider på russisk, engelsk, fransk og tysk