Noregsveldet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noregsveldet er ei nemning på det landområdet kongen av Noreg rådde over då riket var på det største i høgmellomalderen. Delane utanom Noreg kunne verta kalla skattland. I ettertid kan dei verta kalla kronkoloniar. Noregsveldet var eit nokså laust samband mellom heimlandet og dei områda der folk frå Noreg hadde slege seg ned i løpet av vikingtida. Det som bandt veldet saman var skipsfart og handel. Veldet er rekna å ha vore på sitt største og sterkaste på slutten av kong Håkon IV Håkonsson si regjeringstid. Etter kvart overtok hanseatane mykje av norsk utanrikshandel, og sambandet med skattlanda i vest minka. Etter Svartedauden i 1349 vart sambandet minska endå meir, og Noreg kom inn i den danskdominerte Kalmarunionen i 1397. Noregsveldet hadde erkebiskopen av Nidaros som kyrkjeleg overherre innan den katolske kyrkja. Då erkebiskop Olav Engelbrektsson reiste frå landet i samband med reformasjonen i 1537, vart Noreg ein del av Danmark-Norge.
[endre] Noregsveldet
- Noreg inkludert Båhuslen, Jemtland og Herjedalen. Dei nordlegaste områda, særleg finnmarkskysten, var enno utanfor fast norsk kontroll.
- Island, norsk skattland 1263-1814 (til Danmark)
- Færøyane, 1035–1709 (de facto til Sjælland stift i Danmark)
- Hjaltlandsøyane (Shetlandsøyane), 1195–1472 (pantsett, til Skottland)
- Grønland, ca. 1261–1814 (til Danmark)
- Orknøyane, ca 875 –1472 (pantsett, til Skottland)
- Isle of Man, fram til 1266 (til Skottland)
- Hebridane, fram til 1266 (til Skottland)
Det danske synet er at Færøyane, Island og Grønland i 1397 vart førde inn i Kalmarunionen og dermed lagt inn under Danmark.
[endre] Lenkjer ut
- Noreg og verda omkring
- Forviklingar og union 1300—1355 utdrag frå historieverket Norsk historie