Kalmarunionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalmarunionen er ei nemning på personalunionen mellom Danmark, Sverige og Noreg mellom 1397 og 1523. Kongeriket Sverige styrde over delar av det seinare Finland. Kongeriket Noreg styrde over Færøyane, Island og Grønland. Dei tre kongerika hadde ein sams monark, men hadde eigne riksråd. Sverige var misnøgd med unionen, og Danmark si sterke makt. Den 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, og Kalmarunionen braut saman. Unionen mellom Danmark og Noreg heldt fram, som Danmark-Norge.
[endre] Sjå òg
- Engelbrektsopprøret
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |