Danmark-Norge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danmark-Norge er ei nemning på kongeriket Danmark og kongeriket Noreg, irekna Island, Grønland og Færøyane. I tida frå 1387 til 1814 var desse kongerika styrd av ein sams konge, i ein personalunion. Særleg vert Danmark-Norge nytta som ei nemning på rika i tida etter reformasjonen i 1537 eller 1523, då Kalmarunionen braut saman. Etter 1537 var det ikkje noka eige norsk riksråd, kongen fekk meir makt. Nemninga «Kongeriket Danmark» vert av og til nytta om området som dei oldenburgske kongane rådde over etter 1536. Hertugdøma Hertugdømet Slesvig og Hertugdømet Holstein, styrde kongane over som hertug, og vart ikkje rekna med i kongeriket Danmark. Tida under Danmark vert gjerne kalla Dansketida i Noreg. På 1800-talet vart tidsromet omtala som «400-års-natta».
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |