Maria
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria, Marie og Mari er norske variantar av det hebraiske kvinnenamnet מִריָם [mirjām], som tyder bitter, og var svært mykje brukt i tida Jesus levde. Især var det namnet til mor hans, ofte kalla jomfru Maria, og på grunn av dette er det blitt eitt av det vanlegaste i den kristne verda. Det opphavlege namnet finst fortsatt på hebraisk som Miriam, og på arabisk som Maryam eller Maryem (مريم).
Namnet kjem til oss frå den greske septuaginten som Mariam (Μαριαμ) og Maria (Μαρια). På norsk i dag uttalar me gjerne namnet Maria med trykk på den første a-en. På norrønt, i nokre norske dialektar og på dagens islandsk, er det derimot vanleg å leggja trykket på i-en. Då er det lett å sjå kvar namnet Mari kjem frå.
Ein kan òg skriva namnet som Mairi eller Maire på gælisk, Meri på gresk og Meriju på finsk. Mary er den engelske utgåven av Maria. Det har òg kome i bruk som eit norsk namn, då gjerne uttala «Marri» (men òg «Merri»). Namnet har fleire avleiingar, til dømes Mol, Molly, Polly, Mara, Misie, Mameie og Mally.
Maria kan òg brukast som mellomnamn for menn, som til dømes i Erich Maria Remarque.
Innhaldsliste |
[endre] Kjende namneberarar
[endre] Bibelen
Me finn ei rekkje namneberar i Bibelen, særleg i Det nye testamentet.
- Jomfru Maria
- Maria Magdalena
- Miriam, syster til Moses
[endre] Kongelege
- Fleire dronning Maryar
- Maria I av England
- Maria II av England
- Maria Stuart
- Maria I av Portugal
- Maria II av Portugal
- Maria av Ungarn
- Kronprinsesse Mary av Danmark
[endre] Andre
- Mari Boine, norsk-samisk songar
- Maria Bonnevie, norsk skodespelar
- Mary J. Blige, amerikansk songar
- Mariah Carey, amerikansk songar
- Marie Corelli, engelsk forfattar
- Maria Gripe, svensk forfattar
- Marie Hamsun, norsk skodespelar og forfattar
- Mary Higgins Clark, amerikansk forfattar
- Marie Curie, polsk-fransk vitskapskvinne
- Mari Maurstad, norsk skodespelar
- Mari Osmundsen, norsk forfattar
- Mary Shelley, engelsk forfattar
- Marie Takvam, norsk diktar
- Marie Under, estisk forfattar
[endre] Oppdikta personar
- Maria er hovudpersonen i musikalen Sound of Music
- Maria er den eine hovudpersonen i musikalen West Side Story
[endre] Ting
Ei rekkje ting er òg oppkalla etter Jomfru Maria. Fleire blomar ber namnet hennar, som maria gullsko, marianøkleband, og insektet marihøne.
Vulkanen Santa Maria i Guatemala har òg fått namn etter henne.
Cocktailen Bloody Mary er kalla opp etter dronning Maria I av England.
[endre] Lenkjer ut
- Søk etter norsk namnestatistikk for Mari hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Maria hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Marie hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Mary hjå Statistisk Sentralbyrå