Marie Hamsun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Hamsun (fødd Andersen 1881 på Elverum, død 1969) var ein norsk skodespelar og forfattar. Ho gav ut to diktsamlingar og fleire barnebøker, m.a. Bygdebarn-serien i fem bind (1924–57). Frå livet med ektemannen Knut Hamsun skreiv ho to memoarar: Regnbuen (1953) og Under gullregnen (1959). Marie var mor til kunstmålaren Tore Hamsun.