Madagaskar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg filmen Madagascar.
|
|||||
Nasjonale motto: Tanindrazana, Fahafahana, Fandrosoana (gassisk, Fedreland, fridom og utvikling) | |||||
Offisielle språk | Gassisk, fransk | ||||
Hovudstad | Antananarivo | ||||
Styresett |
Republikk Marc Ravalomanana Jacques Sylla |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
587 040 km² (45.) 0,9 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (1975) - Tettleik |
18 040 341 (56.) ~7,600,000 31/km² (142.) |
||||
Sjølvstende Frå Frankrike |
26. juni 1960 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
16 323 mrd. USD (117.) 911 USD (169.) |
||||
Valuta | Ariary (MGA) | ||||
Tidssone | UTC +3 | ||||
Nasjonalsong | Ry Tanindraza nay malala ô (Å, vårt elska faderland) | ||||
Nasjonaldag | 26. juni | ||||
Internasjonal telefonkode | +261 | ||||
Nasjonale toppdomene | .mg | ||||
Madagaskar er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i det indiske havet. Øya er den fjerde største i verda, og huser rundt fem prosent av verdas plante- og dyreartar. 80 % av dei finst berre på Madagaskar.
[endre] Historie
Madagaskar har ei blanding av afrikansk, asiatisk og polynesisk kultur. Medan gassisk er eit austronesisk språk med sterkt slektskap til maanjanspråket frå Borneo, viser DNA-studium at innbyggjarane på øya har delvis afrikansk, delvis indonesisk opphav, med noko arabisk påverknad.
Den nedskrivne gassiske historia tek til på 600-talet, då arabiske kjøpmenn etablerte stasjonar langs den nordvestre kysten.
[endre] Klima
Madagaskar heller oppover mot aust til ei skogkledd fjellrekkje som går frå sør til nord på øya. Den søraustlege passatvinden blir løfta oppover denne fjellrekkja (orografisk heving), og resultatet er ein nedbørsnormal på 2000-3000 mm (og enkelte stader meir) langs austkysten av øya. Perioden med minst regn i aust er frå september til november, sjølv om ein har regn om lag annakvar dag òg i denne perioden. Seinare på året, medan det er sommar på den sørlege halvkula, vert passatvinden svekka, og vestsida av øya får regn- og torebyger bortimot dagleg.
Madgaskar har lågare temperaturar enn dei fleste andre tropiske øyer, hovudsakleg på grunn av det høge terrenget. I juli kan temperaturane gå under 10 ºC i områda høgare enn 1200 m. Desse områda ligg så pass høgt at dei får ein tørr vestleg vind, som bles i høgda over den søraustlege passatvinden. Tropiske syklonar kan treffe Madagaskar, og særleg austkysten, kvart år og føre til store flaumar. Flaum er derimot lite sannsynleg på sørvestkysten som ligg i regnskugge. Desse områda får mindre enn 400 mm i året.
Øystatar i Afrika |
Kapp Verde | Komorane | Madagaskar | Mauritius | São Tomé og Príncipe | Seychellane |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
Mal:Liminn.skanwiki