Månad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månadene i den vestlege kalenderen |
1 januar 2 februar 3 mars 4 april 5 mai 6 juni 7 juli 8 august 9 september 10 oktober 11 november 12 desember |
|
jødisk muslimsk bahá’í |
Ein månad er ei tidseining mellom veke og år. I dei fleste kalendersystema varer ein månad om lag så lenge som ein månesyklus — derav namnet.
Innhaldsliste |
[endre] Månadstypar
[endre] Observasjonsbasert astronomisk månad
I samaritansk religion, karaisme og islam blir kvar månad primært rekna frå første dag av observert nymåne.
[endre] Justert astronomisk månad
I vanleg (rabbanittisk) jødedom følgjer månadene månefasen, men med mindre justeringar for å unngå uheldige kombinasjonar av sjabbát og heilagdagar. Månadslengda er 29 eller 30 dagar. Kalenderen er utrekna på grunnlag av astronomiske data.
[endre] Standardisert solår-basert lunær månad
I dei julianske og gregorianske kalendrane er månadene ikkje direkte grunna på månefasar, men på ei fast inndeling av solåret i tolv omlag jamnlange månader som kvar varar i 28 til 31 dagar.
[endre] Ikkje-lunære månadssystem
Bahá'í-kalenderen deler året inn i 19 månader som kvar inneheld 19 dagar, med fire til fem skotdagar på slutten av kvart år.
[endre] Sjå òg
- Bahá'í-kalenderen
- Den gregorianske kalenderen
- Den julianske kalenderen
- Det muslimske året
- Det jødiske året
Måleiningar for tid | |
---|---|
mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår |