Kuala Lumpur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuala Lumpur (كوالا لمڤور) er hovudstad og største by i Malaysia. Den utøvande statsmakta er flytta til ein ny administrativ hovudstad, Putrajaya, men bustaden til kongen av Malaysia, parlamentet og den dømande statsmakta har vorte verande i Kuala Lumpur.
Kuala Lumpur er eitt av dei tre føderale territoria i Malaysia. Det er fullstendig omgjeve av delstaten Selangor, og ligg nær vestkysten av Malakkahalvøya.
Byen vart grunnlagt i 1857.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |